Åmot i Vinje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Åmot
tettstad
Haukeliekspressen - Telemark Bilruter - Åmot, Vinje.jpg
Bussmøte i Åmot i Vinje.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Telemark
Kommune Vinje
Areal 1,1 km²
Folketal 669 (2017)
Folketettleik 608 / km²
Postnummer 3890 VINJE
Preposisjon i Åmot
Wikimedia Commons: Åmot, Vinje

Åmot er ein tettstad og administrasjonssenteret i Vinje kommune i Telemark. Tettstaden ligg like ved europaveg 134 og har 669 innbyggjarar per 1. januar 2017. Namnet Åmot tyder «elvemøte» ettersom tettstaden ligg der Vinjeåi renn ut i elva Tokke, som går vidare til innsjøen Bandak. Om lag 25 kilometer sør ligg Dalen i Tokke kommune.

Åmot er eit knutepunkt for vegnettet i Vest-Telemark. Her møtest europaveg 134 (HaugesundDrammen), fylkesveg 37 (Åmot–TinnKongsberg) og fylkesveg 38 (Åmot–DalenKragerø). Bussruta Haukeliekspressen Haugesund–Oslo går gjennom Åmot.

Åmot har barnehage og grunnskule. Tettstaden er eit lokalt handelssenter for området, med ei rekkje butikkar. Næringslivet elles femner eit turisthotell og verksemder innan trevare- og verkstadindustri.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Åmot – Vinje». Store norske leksikon. 4. januar 2018. Henta 25. april 2018.