Hopp til innhald

Mikheil Saakasjvili

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikheil Saakasjvili

Verkeleg namnმიხეილ სააკაშვილი
Statsborgarskapingen verdi
Fødd21. desember 1967 (58 år)
Tbilisi
Yrkejurist, politikar, advokat, programleiar
Språkgeorgisk, russisk, engelsk, ukrainsk, fransk
VervPresident i Georgia
Periode2004-2013
FøregangarNino Burdzjanadze
EtterfylgjarGiorgi Margvelasjvili
Politisk partiUnited National Movement[*], Movement of New Forces[*], Georgias borgerunion[*]
ReligionDen georgiske ortodokse og apostoliske kirke[*]
MorGiuli Alasania
EktefelleSandra Roelofs
Nettstadhttp://saakashvilimikheil.com
Mikheil Saakasjvili på Commons

Mikheil Saakasjvili (fødd 21. desember 1967 i Tbilisi) er ein georgisk politikar som var president i Georgia frå 25. januar 2004 til 17. november 2013. Saakasjvili kom til makta etter den såkalla roserevolusjonen i Georgia i november 2003. Store demonstrasjonar mot valfusk ved parlamentsvalet 2. november 2003 førte til at presidenten Eduard Sjevardnadse gjekk av. Saakasjvili leia desse demonstrasjonane. Ved presidentvalet 4. januar 2004 vann han med over 96 % av røystene, og vart den yngste presidenten i Europa, 36 år gamal.

Fornamnet hans vert ofte òg skrive Mikhail, som er ei russisk form. Etternamnet vert òg ofte skrive Saakashvili, som er ei engelsk form.