Tbilisi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tbilisi
თბილისი
Horisonten til Tbilisi
Horisonten til Tbilisi
Byvåpenet til Tbilisi
Styresmakter
Land Georgia
Grunnlagd 300-talet
Geografi
Flatevidd 720 km²
Innbyggjarar
 - By (2014)
   - folketettleik

1 118 035
  1 510/km²
Koordinatar 41°43′21″N 44°47′33″EKoordinatar: 41°43′21″N 44°47′33″E
Høgd over havet 380–600 m
Tidssone MSD (UTC+4)
Diverse anna
Heimeside: http://www.tbilisi.gov.ge/
Nettstad: http://www.tbilisi.gov.ge/
Plassering
Plassering av Tbilisi
Plassering av Tbilisi

Tbilisi (georgisk: თბილისი, også kjend under det tyrkiske namnet Tiflis) er hovudstaden og største byen i Georgia. Byen ligg i dalen der elva Mtkvari (Kura) renn, aust i landet. Han har har om lag 1,1 millionar innbyggjarar.

Byen vart hovudstad i landet på 300-talet under Vakhtang Gorgasali, den georgiske kongen av Kartli (Iberia), og er eit viktig industrielt, sosialt og kulturelt senter i Kaukasus. Byen ligg strategisk til mellom Europa og Asia, langs den historiske Silkevegen. Tbilisi har derfor mange gonger skifta herskarar, noko ein kan sjå igjen i den varierte arkitekturen.

Byen har vore heim til folk av forskjellige kulturar, religionar og etnisitet, og som ein ortodoks kristen by er Tbilisi ein av få stader i verda der ein synagoge ligg ved sida av ein moske. I nyare tid har Tbilisi vorte kjend for den fredlege roserevolusjonen etter eit forfalska parlamentsval i 2003, der den georgiske presidenten Eduard Sjevardnadse måtte gå av.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Panorama over Tbilisi som viser kyrkja Metekhi, ein statue av kong Vakhtang Gorgasali og elva Mtkhavar.

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje segna var området Tbilisi ligg i, dekt av skog så seint som i år 458. Ei segn som er mykje fortalt, er at kong Vakhtang I Gorgasali av Georgia jakta i skogen med ein falk (eller hauk). Falken gjekk til åtak på ein fasan, men under kampen fall begge to i ei varmekjelde og døydde. Kong Vakhtang vart så imponert over desse varmekjeldene at han hogde ned skogen og bygde ein by på staden. Namnet Tbilisi kjem frå det gamle georgiske ordet «Tpili», som tyder «varm». Namnet Tbili eller Tbilisi («varm stad») vart derfor gjeve til byen på grunn av dei mange svovelhaldige kjeldene i området.

Arkeologiske utgravingar har vist at området rundt Tbilisi var busett alt 3000 år fvt. Dei første nedteikna kjeldene ein har, kjem derimot frå andre halvdel av 300-talet, då ei festning vart bygd her av kong Varaz-Bakur. Mot slutten av 300-talet kom festninga inn under persarar, men på midten av 400-talet kom området tilbake til kongane av Kartli (Georgia). Kong Vakhtang I Gorgasali (som regjerte på siste halvdel av 400-talet) har stort sett fått æra for å ha grunnlagd Tbilisi, men bygde eigentleg berre byen opp att.

Tbilisi vert hovudstad[endre | endre wikiteksten]

Tbilisi ein gong mellom 1909-1915, fotografert av Sergej Prokudin-Gorskij

Kong Datsji I Ujarmeli (byrjinga av 500-talet), som tok over etter Gorgasali, flytta hovudstaden frå Mtskheta til Tbilisi som følgje av testamentet etter faren. På denne tida var ikkje Tbilisi hovudstad over eit sameint Georgia, som ikkje inneheldt den vestlege delen av dagens Georgia, på den tida kjend som Colchis. Kong Datsji I bygde bymurar rundt byen, og byen voks jamnt og trutt i åra framover på grunn av den strategiske plasseringa til byen langs handelsruta mellom Europa og Asia.

Utanlandske herskarar[endre | endre wikiteksten]

Festninga Narikala om hausten

Den strategiske plasseringa til Tbililsi var ikkje berre ein fordel og byen vart mykje kjempa om av forskjellige rike som Persia, Austromarriket, Arabia og Seldsjukkane. Den kulturelle utviklinga av byen var derfor sterkt avhengig av kven som styrte byen til ei kvar tid.

Frå 570-580 tok persarane over Tbilisi og herska over han i om lag hundre år. I 627 vart byen plyndra av hærar frå Austromarriket og khazarar. Frå 736-738 rykte den arabiske hæren under Marwan II Ibn-Muhammad inn i byen, og oppretta eit emirat her. Arabarane skapte ein viss orden i området og introduserte eit meir formelt og moderne rettssystem i Georgia. I 764 vart byen igjen plyndra av khazarar, som framleis var under arabisk kontroll. I år 853 invaderte den arabiske leiaren Bugha Al-Turki og hæren hans Tbilisi for å opprette eit kalifat. Det arabiske herredøme i Tbilisi varte fram til om lag 1050, sidan dei lokale georgiarane aldri klarte å drive dei bort. I 1068 vart byen nok ein gong plyndra, denne gong av seldsjukkane under sultan Alp Arslan.

Tbilisi som hovudstad over eit sameint Georgia og og den georgiske renessansen[endre | endre wikiteksten]

I 1122, etter kraftige kampar mot seldsjukkane, som involverte minst 60 000 georgiarar og opp til 300 000 tyrkarar, gjekk kongen av Georgia, David IV, inn i Tbilisi. Etter slaga om Tbilisi flytta David IV residensen sin frå Kutaisi i Vest-Georgia til Tbilisi. På 1100- og 1200-talet blømde Tbilisi både økonomisk og kulturelt, og mot slutten av 1100-talet nådde folketalet 80 000. Byen var eit viktig literært og kulturelt senter, ikkje berre for Georgia, men for heile den siviliserte verda. Under Dronning Tamar si regjeringstid arbeidde Sjota Rustaveli i Tbilisi medan han skreiv det vidkjende episke diktet Riddaren i tigerskinnet. Denne perioden vert kalla «den georgiske gullalderen» eller «den georgiske renessansen».

Den mongolske invasjonen[endre | endre wikiteksten]

Tbilisi, om lag 1890-1900

Den gylne alderen i Tbilisi varte ikkje lenger enn eit hundrår. I 1236 kom Georgia under mongolsk styre etter å ha tapt stort mot dei. Nasjonen opprettheldt eit slags sjølvstyre, men Tbilisi vart kraftig påverka av mongolarane det neste hundreåret både politisk og kulturelt. I 1320-åra vart mongolarane vist bort frå Georgia med makt og Tbilisi vart igjen hovudstad i eit sjølvstendig Georgia. Svartedauden råka byen i 1366.

Frå seint på 1300-talet til slutten av 1700-talet kom Tbilisi under forskjellige utanlandske herskarar som invaderte området, og vart fleire gonger brunne til grunne. I 1386 vart byen invadert av Timur Lenk. I 1444 vart byen invadert og øydelagd av Jahan Shah (sjahen av Tabriz i Persia). Frå 1477 til 1478 vart byen halde av stamma Ak Koyunlu frå Uzun Hassan. I 1522 kom Tbilisi under persisk styre, men vart frigjort av kong David X av Georgia. Under denne perioden vart mange delar av Tbilisi bygd opp att eller renovert. På 1600- og 1700-talet kjempa Det osmanske riket og Persia om kontroll over byen. Kong Erekle av Georgia prøvde fleire gonger å frigje Tbilisi frå persisk styre og lukkast, men til slutt, i 1795, vart Tbilisi brend til grunne av sjah Agha-Mohammad Khan. Då Erekle skjønte at Georgia ikkje ville klare å halde ut mot Persia søkte han hjelp hos Russland.

Tbilisi under russisk kontroll[endre | endre wikiteksten]

Mikhail Lermontov, Tiflis, 1837

I 1801 då det georgiske kongedømet til Kartl-Kakheti vart ein del av Det russiske keisardømet vart Tbilisi senter i Tibilisi Gubernia. På byrjinga av 1800-talet byrja Tbilisi igjen å bløme økonomisk og politisk. Nye bygningar vart reist, hovudsakleg i europeisk stil, samt nye vegar og jernbane, som knytte byen til andre viktige byar i Russland og andre delar av Kaukasia. I 1850-åra hadde Tbilisi igjen vorte eit viktig handels- og kultursenter. Fleire vidkjende folk la sin elsk på byen, som Aleksander Pusjkin, Leo Tolstoj, Mikhail Lermontov, Romanov-familien og andre.

Etter den russiske revolusjonen i 1917 vart Tbilisi hovudstad i eit sjølvstendig Georgia.

Sjølvstende: 1918–1921[endre | endre wikiteksten]

Den 11. raude armé okkuperer Tbilisi 25. februar 1921

Etter den russiske revolusjonen i 1917 vart det oppretta ei mellombels transkaukasisk regjering våren 1918 for den kortvarige, sjølvstendige Transkaukasiske Føderasjonen med hovudstad i Tbilisi. 26. til 28. mai vart Georgia, Armenia og Aserbajdsjan erklært sjølvstendige her.

I 1918 vart Tbilisi statsuniversitet oppretta som det første unviersitet i Kaukasus, ein draum georgiarane hadde hatt i mange år, men som dei ikkje hadde fått lov til å opprette av russarane. 25. februar 1921 invaderte den 11. Den raude arméen Tbilisi etter harde kampar i utkanten av byen, og erklærte landet for sovjetisk.

Under kommuniststyret[endre | endre wikiteksten]

I 1921 vart Georgia okkupert av sovjetiske bolsjevikar frå Russland, og fram til 1991 fungerte Tbilisi som hovudstad i Transkaukasisk SFSR (som inkluderte Armenia, Aserbajdsjan og Georgia), og seinare som hovudstad i Georgisk SSR. Under det sovjetiske styret auka folketalet i Tbilisi kraftig og byen vart meir industrialisert. Han vart ein av dei viktigaste byane politisk, sosialt og kulturelt i Sovjetunionen i lag med Moskva, Kiev og Leningrad.

Tbilisi var åstad for massive antirussiske demonstrasjonar i 1956 (i protest mot den antistalinistiske politikken til Khrusjtsjov), 1978 og 1989, som førte til blodige inngrep i det første og siste tilfellet.

Etter lausrivinga frå Sovjetunionen[endre | endre wikiteksten]

Etter lausrivinga frå Sovjetunionen har Tbilisi opplevd periodar med stor uro og opprør. Etter ein kort borgarkrig i løpet av to veker i desember 1991 og januar 1992 (då styrkar for Gamsakhurdia og motstandarar braka saman) var Tbilisi åstad for væpna konfliktar mellom russisk mafia og illegale bedrifter. Sjølv under Sjevardnadze (1993-2003), var det mykje kriminalitet og korrupsjon i alle samfunnslag. Den fallande økonomien og stor arbeidsløyse førte til at mange innbyggjarar sleit. Masseprotestar fann stad i november 2003 etter at eit forfalska parlamentsval tvinga meir enn 100 000 menneske ut i gatene, noko som starta roserevolusjonen. Etter 2003 har Tbilisi vorte mykje meir stabilt, med mindre kriminalitet og betre økonomi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]