Milits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uniformerte militsmenn i staten New York under den amerikanske borgarkrigen.

Ein milits er ein organisasjon av stridande som består av folk som elles er sivile, i motsetning til ståande hærar av heiltidssoldatar, anten dei er vernepliktige eller yrkessoldatar. Å avskaffe ståande hærar har vore ein ide på venstresida heilt sidan slutten av 1700-talet, fordi dei ståande hærane ofte har vore lydige reiskapar for udemokratiske makthavarar. Tanken var at ein milits av vanlege folk med eit sivilt liv ikkje på same måten kunne brukast mot eiga befolkning eller til angrepskrig. Mellom andre tyske Rosa Luxemburg og franske Jean Jaures har gått inn for omdanning av det tradisjonelle militærvesenet til ein milits, som ledd i ei gjennomgripande demokratisering av samfunnet.

Noreg har ein milits i det norske Heimevernet.