Rosa Luxemburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rosa Luxemburg

FøddRozalia Luxenburg
5. mars 1871
Zamość
Død15. januar 1919
Berlin
NasjonalitetTyskland, Det russiske imperiet
Yrkepolitikar, filosof, revolusjonær, samfunnsøkonom, journalist, redaktør, politisk teoretiker, plantesamlar
Alma materUniversitetet i Zürich
EktefelleGustav Lübeck, Julian Marchlewski
SambuarLeo Jogiches

Rosa Luxemburg (5. mars 187115. januar 1919) var ein leiande marxistisk tenkjar. Ho var den leiande personlegdomen på venstrefløya i det tyske sosialdemokratiske partiet (SPD), og var med på å grunnleggje det tyske kommunistpartiet (KPD) før ho blei drepen av høgre-orienterte frikorpssoldatar under spartakistopprøret i Berlin i 1919. Luxemburg levde det meste av det vaksne livet sitt i Tyskland, men var likevel ein av dei viktigaste teoretikarane til dei polske sosialdemokratane.

Ungdom og tidleg politisk aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Róża Luksemburg (polsk stavemåte) blei fødd i ein jødisk familie i det noverande Polen i 1871. Ho kom tidleg med i arbeidarrørsla, i form av det forbodne arbeidarpartiet Proletariat. På grunn av det politiske arbeidet sitt måtte Luksemburg flykta frå landet i 1889. Ho drog til Sveits der ho byrja å studera ved universitetet i Zürich: Ho tok filosofi, historie, politikk, økonomi og matematikk samstundes. Hovudemna hennar var statsvitskap, mellomalderen og børskriser.

Rosa Luxemburg (1895).

Ho heldt seg fortsatt aktiv innan arbeidarrørsla. I 1893 skipa ho, saman med Julian Marchlewski og Leo Jogiches, eit tidsskrift med namnet Sprawa Robotnicza ('Arbeidarsaka') som eit motsvar til den veksande nasjonalismen i det polske sosialistpartiet. Luksemburg meinte at den polske vegen til sjølvstende gjekk gjennom revolusjonar i Russland, Tyskland og Austerrike og ein solidarisk kamp mot kapitalismen. Seinare danna ho og Jogiches Det sosialdemokratiske partiet i kongedømet Polen.

Politikk i Tyskland[endre | endre wikiteksten]

I 1898 gifta Rosa Luxemburg seg med Gustav Lübeck og fekk dermed tysk statsborgarskap. Dei flytta til Berlin, der ho blei med i venstrefløya i det tyske sosialdemokratiske partiet, SPD. Ho var av dei skarpaste kritikarane av Eduard Bernstein sin «revisjonisme», der ho hevda at det ikkje er eit spørsmål om reform eller revolusjon, men at kampen for reformene er forma og den sosiale revolusjonen innhaldet i arbeidarrørsla sin kamp. Ho var heller ikkje samd med russaren Vladimir Lenin, som ho hevda ville gi sentralleiinga i partia altfor stor makt, slik at livgivande demokratisk debatt ville komme til å kvelast, og resultatet ville komme til å bli eit diktatur over arbeidarklassen. Ho støtta Julius Martov i striden om dette i det russiske sosialdemokratiske partiet. Rosa Luxemburg er såleis kjend for både å vere svært radikal og samtidig veldig demokratisk, anti-autoritært innstilt.

Spartakusforbundet[endre | endre wikiteksten]

Da fleirtalet i SPD si riksdagsgruppe stemte for krigskredittar til regjeringa under første verdskrigen, gjekk Rosa Luxemburg, Eduard Bernstein, Karl Kautsky og fleire andre kjende sosialdemokratar og krigsmotstandarar ut av partiet. Dei danna eit nytt parti, kalla det Uavhengige Sosialdemokratiske Partiet i Tyskland (USPD). Rosa Luxemburg høyrde til venstrefløya også i det nye partiet, ei gruppe som kalla seg Spartakusforbundet.

Statue av Rosa Luxemburg i Berlin. Den vart ikkje fjerna i 1990 av di ho døydde før DDR-regimet vart oppretta.

Etter dei russiske revolusjonane i 1917, blei det eit stort press frå krigstrøytte soldatar og arbeidarar også i Tyskland, og den tyske revolusjonen braut ut i november 1918. Keisaren måtte gå av og det blei danna ei provisorisk regjering med folk frå SPD og USPD. Det blei inngått ein våpenstillstandsavtale med vestmaktene. Men radikale soldatar og arbeidarar ville gå lenger enn SPD i å omdanne samfunnet. USPD gjekk ut av regjeringa fordi den under leiing av SPD eigentleg ikkje var særleg radikal i praksis, og fleirtalet i Spartakusforbundet bestemte seg for å danne eit kommunistisk parti som i Russland. Rosa Luxemburg var eigentleg skeptisk til dette, og enda meir skeptisk da andre «spartakistar» stilte seg i brodden for eit opprørsforsøk i Berlin i januar 1919. Oppreisten blei da også slått ned, og Rosa Luxemburg var ein av dei som blei drepne da, etter å ha blitt teken til fange først.

Det er blitt hevda at sentrale personar i SPD-regjeringa kjende til og godtok planen om å drepa Rosa Luxemburg etter ho var teken til fange. Det at dei tyske kommunistane trudde det var slik, er ei av forklaringane på deira uvilje mot å samarbeide med SPD seinare, jamvel da nazismen trua.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Nokre av dei viktigaste verka til Rosa Luxemburg er:

  • 1900 - Sosialreform eller revolusjon?
  • 1904 - Det russiske sosialdemokratiets organisasjonsspørsmål
  • 1918 - Den russiske revolusjonen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Rosa Luxemburg