Grøn skattepolitikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Miljøavgift)
Trängselskatten i Stockholm er eit døme på ei avgift som har som formål og som har lykka å minke trafikken inn til sentrum av byen. Dette er ei avgift som internaliserer indirekte verknader

Grøn skattepolitikk var eit omgrep som Grøn skattekommisjon nytta i innstillinga dei leverte til Finans- og tolldepartementet 6. juni 1996[1].

Politikken kan ha ulike siktemål:

  1. Fremje berekraftige aktivitetar ved økonomiske insentiv.
  2. Internalisere indirekte verknader (eksternaliteter).

Økonomiske insentiv[endre | endre wikiteksten]

Ein skattepolitikk som søker å fremje økologisk berekraftige aktivitetar kan erstatte eller komplettere lovgjevnaden. Ofte søker ein slik politikk å halde det totale skattetrykket konstant ved å redusere andre skattar i tilsvarande omfang.

Miljøavgifter er dei avgifter som samfunnet krev til fordel for miljøet. Avgiftene kan leggjast på f.eks. produkt eller på utslepp av forureiningar.

Indirekte verknader[endre | endre wikiteksten]

Indirekte verknader (eksternaliteter) er utilsikta verknader av ei handling. Verknaden er lite viktig for han som utfører handlinga, og han tar derfor ikkje omsyn til dei. Verknaden er likevel viktig for samfunnet som heilheit. F. eks.: Bruk av privatbil med indirekte verknader som støy, forureining og arealbeslag. Dei indirekte verknadene er ei type marknadssvikt og dermed eit brot på prinsippet om fri konkurranse.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.