Millenniumsgenerasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Millenniumsgenerasjonen (etter engelsk millennials) er eit omgrep nytta om generasjonen fødd mellom starten av 1980-åra og midten av 1990-åra, dvs. den generasjonen som var barn og ungdomar på slutten av 1990-åra og byrjinga av 2000-talet, rundt tusenårsskiftet. Meir presist blir generasjonen av mange definert som personar fødde mellom 1980 eller 1981 og 1996.

På grunn av globaliseringa, sosiale medium, spreiinga av den vestlige kulturen og raske forandringar, har personar frå millenniumsgenerasjonen meir til felles med kvarandre enn dei har med eldre generasjonar i sitt eige land.

På norsk nyttar ein ofte omgrepet «ironigenerasjonen» om den føregåande generasjonen, med fødselsår på 1970-åra og fram til omlag 1980. Internasjonalt nyttast også det noko vidare omgrepet generasjon X om den føregåande generasjonen. Omgrepet snøfnuggenerasjonen har etablert seg som eit nedsettande eller ironisk namn på generasjonen etter millenniumsgenerasjonen, med fødselsår frå omlag 1997 til i dag.