Millstatt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Millstatt

Millstatt am See er ein kommune i distriktet Spittal an der Drau i forbundslandet Kärnten i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 57,7 km² og i kring 3 400 ibuarar. Landsbyen Millstatt ligg 611 meter over havet.

Stift Millstatt var i hundrevis av år fram til det vart oppheva i 1773 ei dominerande makt i området, noko ei prektig stiftskyrkje er eit levande døme på. Sommarturisme er i dag den viktigaste næringa i kommunen,

Skihopparen Thomas Morgenstern er frå Millstatt am See.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]