Thomas Morgenstern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Morgenstern

Statsborgarskap Austerrike
Fødd 30. oktober 1986 (37 år)
Spittal an der Drau
Yrke skihoppar
Språk tysk
Høgd 184 centimeter
Nettstad http://www.thomasmorgenstern.com/
Thomas Morgenstern på Commons

Thomas Morgenstern (fødd 30. oktober 1986) er ein austerriksk skihoppar.

Han debuterte i internasjonal samanheng under hoppveka 2002–2003, berre 16 år gamal. Fem dagar etter det siste hoppvekerennet vann han sitt første renn i verdscupen, i Liberec i Tsjekkia.

Sesongen etter gjekk det vidare framover. Han låg lenge på andreplass bak Sigurd Pettersen i hoppveka, men enda på ein fjerdeplass i samandraget.

Morgenstern har tre gullmedaljar i lagkonkurransane i VM. Han var med på å vinna begge lagkonkurransane (liten og stor bakke) under VM 2005, og storbakkerennet i VM 2007. Den fyrste individuelle meisterskapsmedaljen kom i normalbakken i 2007.

Under 2006-OL i Torino vann han gull i storbakken to gonger, både individuelt og i lagkonkurransen.

I 2006 kom han på tredje plass i VM i skiflyging, etter Roar Ljøkelsøy og landsmannen Andreas Widhölzl.

I verdscupen 07/08 blei han historisk ved å vere den fyrste til å vinna dei seks fyrste individuelle renna. Frå før hadde landsmannen Andreas Felder (1984/85) og finnen Janne Ahonen (2004/05) hatt denne rekorden ved å ha vunne dei fire fyrste renna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]