Mindanaostraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mindanaostraumen er ein havstraum som flyt på austsida av dei sørlege Filippinane. Han er ein smal, nordoverretta straum som startar kring 14 °N med 13 Sv som aukar i styrke til 33 Sv ved 5,5 °N. Straumen deler seg før kysten av søraustlege Mindanao der ein del følgjer Sulawesihavet mot klokka og seinare går inn i Den nordlege ekvatoriale motstraumen. Ein annan del går direkte inn i denne motstraumen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://adsabs.harvard.edu/abs/1991JGR....96.7089L