Sulawesihavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 3°34′23″N 121°57′44″E

Sulawesihavet

Sulawesihavet er eit 280 000 km² stort randhav til Stillehavet. Havet er omkransa av øyane Sulawesi i sør, Borneo i vest og den filippinske öya Mindanao i nord. Sulawesihavet er gjennomsnittleg 5 000 meter djupt. Største djupet i norddelen av havet når ned til 6 220 meter under vassyta.

I Sulawesihavet lever mange artar av dyr og vekstar. 26 kvalartar er observert i havet, medan artstalet av koralldyr ligg kring 580. Tunfisk, havskjelpadde, djevelskate og barracudafisk finst i store populasjonar. I september 1997 vart ein ny slektning til blåfisken påvist i Sulawesihavet, han fekk namnet Latimeria menadoensis.

Sjørøvarar utrusta med motortorpedobåtar, radar og GPS opererer i Sulawesihavet. Dei går til angrep både på fiskebåtar og større containerfartøy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]