Mindværfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 65°42′37″N 12°20′35″E Mindværfjorden er ein fjord i Vevelstad og Alstahaug kommune i Nordland. Fjorden ligg på nordsida av Hamnøya og sør for Mindværet, som han er kalla opp etter, og øya Mindlandet. Fjorden strekkjer seg 10 km nordaustover og held fram vidare som Stokkafjorden.

Like ved overgangen til Stokkafjorden går fjordarmen Visten søraustover. Ved Nonshaugen, som ligg heilt nord på Hamnøya, går det ferje over til Forvika på fastlandet og nordover langs austsida av fjorden til Stokka heilt ytst i Stokkafjorden og frå her vidare nordover.