Minna Kauppi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Minna Kauppi


Statsborgarskap Finland
Fødd 25. november 1982 (41 år)
Asikkala
Idrett orientering

Minna Kauppi (fødd 25. november 1982) er ein finsk tidlegare orienteringsløpar frå Asikkala. Tre gongar vart ho verdsmeister på mellomdistansen og ein gong på normal-distansen. I fem meisterskap var ho med på finsk VM-triumf i stafett.

Kauppi høyrde til verdseliten i orientering i over ti år frå 2004. Åra 2006-08 var ho med på dei finske laga som vann stafett-tevlinga under verdsmeisterskapen. I 2007 sikra ho seg også gullmedaljen i klassisk løype, og i 2008 sprang ho inn til gull i mellomlang løype. Perioden 2010-12 tok Kauppi to VM-gull i mellomlang løype og to-VM-gull i stafett. I 2013 var ho ankerkvinne for det finske stafett-mannskapet som kom på andreplass bak Noreg. Dermed vann ho medalje i sitt tiande verdsmeisterskap på rad. Ho stod då med totalt 17 (9-5-3) VM-medaljar.

I tida 2005-12 vann Kauppi 12 tevlingar i Verdscupen i orientering.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2004: Sølv i stafett, nr 5 på mellomdistanse
  • VM 2005: Bronse på mellomdistanse
  • VM 2006: Gull i stafett, nr 4 på mellomdistanse
  • VM 2007: Gull i klassisk og i stafett, sølv på kort-distansen
  • VM 2008: Gull på mellomdistansen og i stafett, sølv på kort-distansen
  • VM 2009: Bronse i klassisk løype og i stafett
  • VM 2010: Gull på mellomdistansen og i stafett
  • VM 2011: Gull i stafett, nr 4 på mellomdistansen
  • VM 2012: Gull på mellomdistanse, sølv på klassisk distanse
  • VM 2013: Sølv i stafett, nr 4 på mellomdistanse
  • VM 2015: Nr 6 på kort-distansen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]