Mirakel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mirakel, òg kalla under, er ei hending som står i strid med det som etter vanleg meining i vedkomande samfunn er rekna som ein mogleg verknad av det som er gjort. Mirakel eller under er det til dømes at eit menneske har evna til å vekke til live folk som har døydd, gjere blinde menneske sjåande, kan vandre på vatnet, kan roe ned stormar ved hjelp av påbod og handrørsler, ikkje sjølv rotnar etter å ha døydd, og mykje anna.

I dei fleste religionar spelar soger om mirakel eller mirakuløse og uforklårlege hendingar ei vesentleg rolle. Mirakel av ymse slag vert mellom anna nytta som prov på at vedkomande som står bak hendinga er guddommeleg eller heilag på eit aller anna vis, avhengig av kva religion det gjeld. Staden der mirakelet har skjedd, vert ofte gjort til ein meir eller mindre viktig pilegrimsstad som det kan bringe lækjedom eller frelse å vitje. I religiøs samanhang er det ofte ein autorativ instans som avgjer om eit påstått mirakel er å sjå på som ekte, og om staden hendinga gjekk føre seg, skal reknast som heilag.

Uforklårlege og mirakelliknande hendingar spelar òg ei stor rolle i folketrua. Men etter det meiningsinnhaldet som ligg i omgrepa mirakel eller under, har ikkje slike hendingar noko med mirakel å gjere.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mirakel
Spire Denne kulturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.