Misvising

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Magnetisk deklinasjon
Magnetisk deklinasjon 2005

Misvising, eller magnetisk deklinasjon, er avvik mellom retninga til den geografiske nordpolen og magnetisk nord (kompassretninga) på ein viss stad på kloden. Er misvisinga positiv, tyder det at ei kompassnål peikar austom den geografiske nordpolen.

Misvisinga påverkast av magnetfeltet til jorda, som er under stadig forandring, og kompassnåla viser ikkje den geografiske retninga til den magnetiske polen.

Tyding[endre | endre wikiteksten]

Orienteringsløp[endre | endre wikiteksten]

Ved orienteringsløp som blir arrangert ulike stader i verda, får løparane vanlegvis kart som er korrigert for misvisinga. Dei treng difor ikkje ta omsyn til misvisinga når dei skal fastsetje retninga til neste post. Karta som postane er innteikna på har eit rutenett som viser eit koordinatsystem som forheld seg til den magnetiske nordpolen. Når løparane tek ut kompasskurs treng dei altså ikkje å korrigere for misvisinga på staden. Dette gjeld alltid i Noreg og vanlegvis på alle europeiske orienteringskart. I einskilde land kan det nok finnast ukorrigerte kart. Då vil det vere naudsynt å korrigere for misvisinga sjølv. Ved eit orienteringsløp på New Zealand må det i så fall gjerast ein korreksjon på ca + 20°, medan det ved eit tilsvarande løp i Sør-Afrika må korrigerast med ca - 20°.

Navigasjon til sjøs eller i lufta[endre | endre wikiteksten]

Ved navigasjon til sjøs eller i lufta, som føregår etter kompasskurs, må det òg korrigerast for misvisinga på staden. I ein båt eller eit luftfartøy vil gjerne kompasset vere fast montert, og det må då òg korrigerast for deviasjon, som er påverknaden til kompasset frå magnetfelt frå kjelder ombord i fartøyet.

Ved overgang til GPS-navigasjon er behovet for å navigere etter kompasskurs vorte nærast eliminert.

Tidsmessige endringar[endre | endre wikiteksten]

Magnetisk deklinasjon 1590-1990 (animert).

Som nemnt er magnetfelta til jorda under stadig endring, og den magnetiske deklinasjonen endrar seg tilsvarande. I løpet av hundre år kan til dømes misvisinga på same stad på kloden ha endra seg med meir enn 30°.

Misvisinga i Noreg[endre | endre wikiteksten]

For tida (2007) er misvisinga i Noreg ganske liten. Nokre døme (cirkatal):

  • Bergen -2°
  • Stavanger -1°
  • Kristiansand 0°
  • Oslo +1°
  • Trondheim +1°
  • Tromsø +6°
Jordskiftekart, Ugland, Grimstad frå 1865. Nord-orientert i 2006. Dreininga indikerer endring i misvising frå 1865

Årleg endrar misvisinga seg i Noreg med for tida 0,1° – 0,2°.

Historisk har likevel misvisinga i Noreg vore langt større. Under størstedelen av 1800-talet utgjorde misvisinga i Sør-Noreg ca -20° (inntil -23°). Dette har ført til store misforståingar når grenser har vore freista rekonstruert med grunnlag i gamle skylddelingsforretningar der retningane mellom grensemerka er angjeve. Jordskiftekartet frå 1865 indikerer endringane av misvisinga i Grimstad på ca 140 år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]