Molasse
Hopp til navigering
Hopp til søk

Nagelfluh-molasse i Speer i Appenzeller-Alpane.
Molasse er sandsteinar, skiferar og konglomerat avsett føre stigande fjellkjeder, danna på eit seint stadium av foldinga, då det topografiske relieffet var kraftig. Han vert mest nytta om slike avsetningar i Alpane, men òg i vidare tyding om liknande danningar frå eldre fjellkjeder, mellom anna om dei sensiluriske og devonske avleiringane i Den kaledonske fjellkjeda i Noreg.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Molasse. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/molasse.