Molière

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Molière

Jean-Baptiste Poquelin, betre kjend som Molière (15. januar 162217. februar 1673) var ein fransk dramatikar, rekna som den største komediediktaren i fransk litteratur.

Jean-Babtiste Poquelin vart fødd i Paris, faren, Jean Poquelin, var handverkmeister. Fagfeltet til faren var tapetsering, og her avanserte han til kongeleg hoffdekoratør. Dette embetet var arveleg, og som arving til embetet fekk Jan-Babtiste ein god borgarleg utdanning.

I skoletida fekk han kontakt med teatermiljø, og i 1643 starta han i lag med tretten andre skodespelartroppen L’Illustre Théâtre. Samstundes tok han namnet Molière. Teatret gjekk konkurs etter eit par år. Med eit nytt selskap reiste han omkring i Sør-Frankrike i åra 1646-58, før han slo seg ned i Paris som teatersjef og skodespelar. Han begynte å skrive farsar og komediar medan han turnerte; etter at han slo seg ned i Paris skreiv han 27 komediar,

Molière førte vidare den klassiske teatrertradisjonen, men lærte òg av nyare italiensk komedieskriving. Han henta emne frå samtida, mest frå borgarleg miljø. Med stor psykologisk innsikt skildra han ulike mennesketypar.

Den første store komedien hans var L’Ecole des Femmes, 'Hustruskolen'. Scenene der Agnès får opplæring om elskovreglane i ekteskapet vart godt og morosamt teater, men blant det borgarlege publikumet var det mange som kjende seg støytte av desse scenene. For Molière vart det likevel viktigst at kongen likte stykket. I komedien Tartuffe framstilte Molière ein religiøs hykler. Kong Ludvig XIV likte også dette stykket, men sidan han var redd for å støyte det mektige franske presteskapet, tok det fem år før Molière fekk lov til å framføre stykket. Etter dette er ein tartuffe blitt ei nemning for ein skinnheilag hyklar som er ute etter sex. Medan han i fem år arbeidde for å få sett opp Tartuffe, oppførte selskapet hans ti andre komediar, blant dei Don Juan og Le Misanthrope.

Molière forsøkte også å skrive tragedier eller teater i ein meir alvorleg stil, med desse stykka vart ingen suksess. Det var innanfor komedien han greidde å konfrontere samtida med tragiske realitetar.

Armande Béjart (1642-1700), kona til Molière

Moliere gifta seg då han var 40 år, med den 19 år gamle Armande Béjart. Molière er gravlagd på kyrkjegarden Père Lachaise i Paris.

Viktige verk[endre | endre wikiteksten]

  • La Jalousie du Barbouillé (ca 1646)
  • Le Médecin volant (ca 1647)
  • L'Étourdi (1653)
  • Le dépit amoureux (1656)
  • Les Précieuses ridicules
  • Sganarelle
  • Le dépit amoureux
  • Les Précieuses ridicules (1659)
  • Sganarelle
  • Dom Garcie de Navarre (1661)
  • L'École des maris (1661)
  • Les Fâcheux
  • L'École des femmes (1662)
  • La critique de l'École des femmes
  • L'Impromptu de Versailles
  • Le Mariage forcé
  • La Princesse d'Élide
  • Tartuffe (1664)
  • Dom Juan (1665)
  • L'Amour médecin
  • Le Misanthrope (1666)
  • Le Médecin malgré lui (1666)
  • Mélicerte
  • Pastorale comique
  • Le Sicilien
  • Amphitryon (1668)
  • Georges Dandin
  • L'Avare (1668)
  • Monsieur de Pourceaugnac
  • Les Amants magnifiques
  • Le Bourgeois Gentilhomme (1670)
  • Psyché
  • Les Fourberies de Scapin (1671)
  • La Comtesse d'Escarbagnas
  • Les Femmes savants (1672)
  • Le Malade imaginaire (1673)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]