Monica Kristensen Solås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Monica Kristensen Solås
Fødd30. juni 1950
Torsby
NasjonalitetNoreg
Yrkeoppdagar, skribent, meteorolog, glasiolog
Alma materUniversitetet i Tromsø

Monica Kristensen Solås (fødd 30. juni 1950) er ein norsk glasiolog, meteorolog, polfarar og forfattar. Ho vart fødd i Torsby i Sverige av svensk-norske foreldre, men familien flytta seinare til Kongsvinger.

Allereie før tenåra byrja ho å interessere seg for vitskap og avgjorde seg som 12-åring for å bli forskar og forfattar, i den rekkjefølgja. Kristensen Solås tok cand.mag. med matematikk og fysikk som fag ved Universitetet i Oslo og vart deretter cand.real. i teoretisk plasmafysikk ved Universitetet i Tromsø. I 1983 tok ho ein doktorgrad med emnet antarktiske isfjell ved universitetet i Cambridge i England.

Kristensen Solås har vore fleire gonger både i Antarktis og i Arktis. I 1986–1987 leia ho ein ekspedisjon til Sørpolen langs den gamle ruta til Roald Amundsen. Eit av måla var òg å finne teltet til Amundsen der. Dette ville kunne stillast ut under OL på Lillehammer i 1994. På grunn av uvêr og storm måtte ho og kollegaene snu ved 86 grader sør. Under ein ny ekspedisjon i 1993, vart det gjort eit nytt forsøk. Denne gongen vart teamet råka av ein tragedie då den nære medarbeidaren Jostein Helgestad fall ned i ein bresprekk og omkom.

Seinare har Monica Kristensen vekt vitskapleg interesse gjennom forskingsarbeidet sitt både i Arktis og Antarktis. I 1989 vart ho — som den første kvinna i historia — tildelt den prestisjefylte gullmedaljen til Royal Geographical Society (Founder's Medal), og i desember 1991 tok ho på seg å koordinere eit treårig forskingsprosjekt i Antarktis.

Etter dette har ho vore leiar for Vervarslinga for Nord-Noreg og leiar i Kings Bay ASSvalbard. Ho vart i januar 2004 generalsekretær i Redningsselskapet og 1. januar 2005 leiar for Norsk Genressursråd. Den 28. november 2005 vart ho suspendert frå stillinga si i Redningsselskapet, suspensjonen vart seinare trekt tilbake.

Monica Kristensen Solås har skrive fleire bøker, blant anna Mot 90 grader sør. Ho debuterte hausten 2007 som skjønnlitterær forfattar med kriminalromanen Hollendergraven. Handlinga er lagt til Svalbard og miljøet rundt sysselmannskontoret.

I 1990 vart ho kåra til Årets budeie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]