Monosjøen
| Monosjøen | |||
| innsjø | |||
Monosjøen sett frå Mount Dana. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | California | ||
| Fylke | Mono County | ||
| Utløp | Ingen | ||
| Høgd over havet | 1 945 moh. | ||
| Lengd | 21 km | ||
| Breidd | 15 km | ||
| Areal | 180 km² | ||
| Volum | 3 km³ | ||
![]() Monosjøen 38°01′00″N 119°00′34″W / 38.0165908°N 119.0093116°W | |||
| Wikimedia Commons: Mono Lake | |||
Monosjøen er ein endorheisk og monomiktisk saltsjø som ligg i Mono County i den amerikanske delstaten California. Innsjøen blei til for minst 760 000 år sidan, og ligg midt i eit ørkenområde. Sidan Monosjøen ikkje har utløp, har han ein høg saltkonsentrasjon som gjer vatnet alkalisk.
Det lever saltsjøkreps i innsjøen, som saman med flugearten Ephydra hians dannar næringsgrunnlaget til eit hekkeområde med rundt to millionar trekkfuglar som kjem hit kvart år. I sjøen finst det også ein ekstremofil bakterie kalla GFAJ-1.
Monosjøen er også kjend for dei søyleliknande kalksteinsformasjonane sine, tufa, som har inspirert ulike kunstnarar. Storm Thorgerson sitt fotografi The Diver til Pink Floyd-albumet Wish You Were Here er til dømes teke ved Monosjøen.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Tufasøyler i Monosjøen.
- Flugearten Ephydra hians.
- Satellittbilde av Monosjøen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Monosjøen» frå Wikipedia på bokmål, den 13. april 2020.
