Tufa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tufasøyler i Monosjøen i California.

Tufa er ein type kalkstein danna ved utfelling av karbonatmineral frå vatn under moderat temperatur. I varme kjelder kan det av og til oppstå liknande karbonathaldige sediment, travertin, men desse er mindre porøse. Tufa blir av og til kalla meteogen travertin.[1]

Ved litteratur- og nettsøk må ein vera merksam på at det er mogleg å forveksla med (ekte) termogen travertin frå varme kjelder, som ofte blir kalla «kalktuff». Tufa, som altså er sedimentær og kalkbasert, må heller ikkje forvekslast med tuff (frå italiensk «tufo»), som er ein vulkansk bergart sjølv om namnet har same etymologiske opphav.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Nærbilde av tufastein.

Både nyare og fossile tufaavleiringar inneheld store mengder av mikroorganismar og makrobiologiske komponentar, noko som gjer dei ekstremt porøse.[2] Tufa blir nedfelt anten i langsamt flytande elveløp eller i innsjøar. Ford og Pedley (1996) gjev eit oversyn over tufasystem over heile verda.[3]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Tufa blir brukt ein del som basis for utplanting og planteoppsatsar. Den porøse konsistensen gjer tufa ideell som element i stein- og fjellhagar. Tufa blir ofte blanda inn i betong til eit produkt kalla hypertufa, som har liknande bruksområde.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Nokre kjende stader der ein finn tufar er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pentecost, A. (2005): Travertine, Kluwer Academic Publishers, Dordrecht, Nederland|isbn=1-4020-3523-3
  2. Koban, C.G.; Schweigert, G. (1993): «Microbial origin of travertine fabrics – two examples from Southern Germany (Pleistocene Stuttgart travertines and Miocene riedöschingen Travertine)», Facies 29, s. 251–263
  3. Ford, T.D. & Pedley, H.M. (1996) A review of tufa and travertine deposits of the world, Earth-Science Reviews 41, 117–175