Monreale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Monreale (siciliansk Murriali) er ein by og ein kommune i provinsen Palermo i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har 39 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 529 km².

Byen ligg 310 meter over havet, på ein åskam ved fjellet Monte Caputo med utsikt over den fruktbare dalen Conca d'Oro (Det gylne skjell). Kommunen er kjend for sine appelsinar, oliven og mandeltre, landbruksvarer som vert eksportert i store mengder. Til provinshovudstaden Palermo i nordaust er det om lag sju km.

Utsyn over Monreale

Soge[endre | endre wikiteksten]

Etter at muslimar i 831 okkuperte Palermo vart bispesetet flytta ut or byen. Den vesle kyrkja Aghia Kiriaki ved dagens Monreale fekk status som bispekyrkje, noko som varde ved i over 200 år. Monreale byrja utviklinga frå landsby då dei normanniske kongane av Sicilia valde området til jakt og bygde eit palass her. Under den sicilianske kongen Vilhelm II bygde benediktinarane frå Cava de' Tirreni eit kloster som sat med store midlar. På same tid vart bygt ein katedral for erkebiskopen, som hadde stor makt over heile Sicilia. I dag er berre katedralen att av desse bygningane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]