Erkebiskop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein erkebiskop er ein høg biskopsrang i ei kristen kyrkje. Ordet er ei samansetjing av gresk arkhe (først) og episkopos (biskop, eigentleg 'oversjåar'). Han leier (normalt) eit erkebispedøme, som på grunn av storleiken, den geografiske plasseringa eller den historiske rolla er gjeven ein framtredane posisjon i den kyrkjelege strukturen.

I kyrkjer som har eigen ordinasjon for biskopar blir det ikkje utført ny ordinasjon ved utnemning til erkebiskop.

Ein erkebiskop har ikkje nødvendigvis meir makt enn ein vanleg biskop, men mange erkebispedømer er også metropolitanseter, og har eit overordna ansvar for fleire omkringliggjande bispedømer (som då vert kalla suffraganer). I vest er det fleste erkebispedømer også metropolitanseter, mens det i aust finst langt fleire erkebispedømer som ikkje har denne status.

Noreg fekk den første erkebiskopen sin i 1154, i Nidaros. Embetet vart lagt nedt ved reformasjonen. Den norske kyrkja valde, då bispeembetet vart gjenoppretta, ikkje å gjeninnføre erkebispeembetet. Nokre andre protestantiske kyrkjer har erkebiskopar, t.d. Den svenske kyrkja (erkebispesete i Uppsala) og Den evangelisk-lutherske kyrkja i Finland (sete i Åbo), men dei fleste valde å fjerne embetet. Den anglikanske kyrkja videreførte embetet ved Reformasjonen, og har erkebispeseter i mellom anna Canterbury, Dublin, Toronto og Sydney.

I Den katolske kyrkja finst også titularerkebiskopar. Dei har fått høgare rang i hierarkiet, men leier ikkje eit bispedømme. Denne tittelen vert gjeven til biskopar som har utmerkt seg i sitt virke for kyrkja, gjerne personar som arbeider ved den romerske kurie.