Mons Kårbø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mons Kårbø
Fødd 3. desember 1881
Død

26. desember 1964

Yrke politikar, bonde

Mons Andreas Andersen Kårbø (3. desember 188126. desember 1964) var ein norsk fiskar, organisasjonsleiar og politikar. Han vart fødd på Kårbø på Holsnøy i Herdla, no Meland, kommune. Han kom inn i Herdla herradstyre i 1911. I 1920 vart han vald til ordførar. Det var han til i 1935. Han møtte fast på Stortinget for Venstre 1931–1936. I tillegg var han første varamann 1925–1930 og 1937-1945.

Mons Kårbø tok initiativ til å skipe Herdla Fiskarlag i 1918. I 1919 var han med å skipe Hordaland Fylkesfiskarlag, der han var formann til 1929. Ved stiftinga av Fiskernes Faglige Landslag i Bodø i 1926, vart Mons Kårbø vald til første formann. I 1930 endra laget namn til Norges Fiskarlag. Kårbø var formann til 1932.

Kårbø var formann i styret for Stor- og Vårsildlaget 1928–1932. Frå 1932 til 1936 var han fiskeriinspektør for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Han var direktør for Noregs Sildesalslag 1936–1951.

Mons Kårbø vart riddar av St. Olavs Orden av 1. klasse i 1947.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Pål Christensen og Abraham Hallenstvedt: I kamp om havets verdier. Norges Fiskarlags historie. Norges Fiskarlag 2005