Meland kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Meland kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Adm.senter Frekhaug
Areal 93 km²
 - land 88 km²
 - vatn km²
Folketal 7 812 (1. januar 2016)
Folketettleik 89 / km²
Målform Nynorsk
Ordførar Øyvind H. Oddekalv
(Arbeidarpartiet)
Kommunenummer 1256
NO 1256 Meland.svg
Wikimedia Commons: Meland

Meland er ein kommune i Hordaland fylke, i Nordhordland. Meland kommune er ein kyst- og øykommune nord for Bergen. Kommunesenteret Frekhaug ligg sør på øya Holsnøy. Øya Holsnøy utgjer hovuddelen av kommunen. I tillegg kjem Flatøy, Ypsøy og fleire små øyar. Nordhordlandsbrua frå Bergen kommune kjem i land på Flatøy. Europaveg 39 (E39) går vidare nordover gjennom Lindås kommune. Nord for Meland ligg óg Radøy kommune. Mellom Meland og Radøy går Mangersfjorden og Radfjorden. Mot sør- vest er Askøy kommune. Mellom Askøy og Meland går Herdlefjorden. Meland kommune har namn etter garden Meland på Holsnøy. Her er det óg kyrkje (Meland kyrkje). Ordførar er Øyvind Helland Oddekalv frå Arbeiderpartiet og varaordførar er Nils Marton Aadland frå Høgre.

Kommune frå 1923[endre | endre wikiteksten]

Meland sokn var frå 1885 ein del av Alversund prestegjeld og kommune. Meland vart eigen kommune i 1923. Ein del av Holsnøya og litt av Askøya fekk namnet Meland kommune. Ved kommuneendringer i 1964 overtok Meland Flatøy frå gamle Hamre kommune. Gamle Herdla kommune sine område nord på Holsnøy vart og overteke. Områda på Askøy vart overført til Askøy kommune.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet til Meland er på raud grunn ein sølv navar-spiss som vender nedover. Navarsmiing har lange tradisjonar i Meland. Ein navar er eit trebor.

Aviser[endre | endre wikiteksten]

Avisene Strilen og Nordhordland har nyhende frå Meland. Regionavisa Bergens Tidende har og mykje om hendingar i Meland. Dessutan har Bergensavisen ei viss dekning frå kommunen

Kjende personar frå Meland[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]