Monster Hunter 4

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monster Hunter 4
Utviklar(ar)Capcom
Utgjevar(ar)Capcom
SerieMonster Hunter
SpelmotorMT Framework
Plattform(er)Nintendo 3DS
Utgjeving14. september 2013
Sjangeraction-rollespel
Spelemodusfleirspelar, einspelar
Nettstadhttp://www.capcom.co.jp/monsterhunter/4/
Del av serien Monster Hunter⠀

Monster Hunter 4 er eit action-rollespel utvikla og gjeve ut av Capcom. Det er det fjerde spelet i Monster Hunter-serien og det andre som blei gitt ut på Nintendo 3DS. Det blei gjeve ut i Japan den 14. september 2013. 26. januar 2014 blei ein forbetra utgåva med tittelen Monster Hunter 4G kunngjort for slepp i Japan den 11. oktober 2014, der spelarane kunne nytta lagra spelfiler frå Monster Hunter 4.[1] Denne versjonen blei utgjeven i Nord-Amerika og Europa som Monster Hunter 4 Ultimate den 13. februar 2015.[2] Den nye versjonen av spelet blei utgjeven saman med New Nintendo 3DS i alle regionar bortsett frå Australia, og i tillegg til den separate spelutgjevinga er det tilgjengeleg i ein pakke med ein 3DS XL-variant av den nyare konsolmodellen.

Som med andre spel i denne serien let Monster Hunter 4 spelaren ta rolla som ein ny jeger, eller Hunter, som gjennomfører oppdrag og utfordringar om å jakta på farlege skapningar som finst på ulike stader. Når ein gjer desse oppgåvene får ein ulike gjenstandar, som pengar og andre belønningar som blir brukt til å laga nye våpen, rustning, tilleggsutrusting, og tileigna seg betre helse og mellombelse forbetringsgjenstander ein kan bruka til seinare oppgåver. Spelarkarakteren blir ikkje forbetrar i seg sjølv i løpet av spelet, men evnene blir fastsette av våpen og rustning dei tek med seg inn i oppgåvene, og desse blir betre etterkvart som spelaren tek meir utfordrande oppgåver. Spelaren kan bruka ein av dei tolv grunnvåpentypar i spelet som kvar har ulike kampeigenskapar som spelaren må meistra. Han kan bytta mellom desse våpena før han legg ut på oppdrag.

Spelregissøren, Kaname Fujioka, sa at Monster Hunter 4 har større fokus på eventyr og historieframdrift enn dei føre Monster Hunter-titlane.[3] Ein får tilgang til fleire baseleirar etterkvart som spelaren utviklar seg, og dette gav den største gjengen av dataspelkarakterar av noko Monster Hunter-spel til då.

Monster Hunter 4 var det fyrste Monster Hunter-spelet til ein handhalden spelkonsoll som hadde fullt integrert multispelartillgang online.[4] Tidlegare titlar i serien på PSP- og 3DS-konsollar tillet berre lokal tilkopling, sjølv om det var mogleg å spelta på nettet ved å lenka det opp til PlayStation 3- eller Wii U-konsollar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Monster Hunter 4G Announced - News - Articles - Latest Gaming News - Retry Level». Arkivert frå originalen 26. januar 2014. Henta 26. januar 2014. 
  2. «Monster Hunter 4 Ultimate headed to 3DS in early 2015». 
  3. Whitehead, Thomas. «Monster Hunter 4 Director Says It's All About 'Adventure'». Nintendo Life. Henta 22. juni 2016. 
  4. By Ishaan . September 19, 2012 . 9:26pm. «Monster Hunter 4 Has Online Multiplayer, Out In March 2013». Siliconera. Henta 22. juni 2016.