Mont Vinaigre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mont Vinaigre
Mont Vinaigre
Mont Vinaigre

Mont Vinaigre

Høgd over havet 614 m
Land  Frankrike
Område Provence
Fjellområde Esterelfjella i Provence-Alpes-Côte d'Azur
Koordinatar 43° 30′ 7″ N, 6° 49′ 10″ AKoordinatar: 43° 30′ 7″ N, 6° 49′ 10″ A
Mont Vinaigre (Alpen)
Mont Vinaigre (Alpen)
Mont Vinaigre
Mont Vinaigre
Bergart porfyr

Mont Vinaigre («Eddikfjell») er med 614 m[1], etter andre opplysningar 618 m[2] den høgste toppen i Esterelfjella, ein del av Provence.

Fjellet ligg i kommunen Les Adrets-de-l’Estérel. Det er ein del av Forêt domaniale d' Esterel og står under naturvern.

Frå vest fører en skogsveg fram til nokre hundre meter under toppen og derfrå er det ein kjerreveg og seinare sti opp til toppen. Frå nord er det ein annan veg frå busetjinga Logis de Paris. Frå toppen er det ein fin utsikt over kysten til den italienske Riviera, til Massif de la Sainte-Baume, til Montagne Sainte-Victoire og til Alpane. Den gode tilgangen til toppen gjer at den er eit populært mål for terrengsyklistar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. I følge kartet til Institut géographique national, geoportail.fr Arkivert 2007-10-24 ved Wayback Machine., henta 1. november 2009
  2. Mont Vinaigre på Summitpost.org