Moritz Rabinowitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moritz Rabinowitz

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. september 1887
Rajgród
Død

27. februar 1942 (54 år)
Sachsenhausen

Yrke forretningsdrivande
Moritz Rabinowitz på Commons

Moritz Moses Rabinowitz (20. september 188727. februar 1942) var ein polsk-norsk jøde som slo seg opp som klesprodusent i Haugesund i mellomkrigstida. Han markerte seg som ein nazimotstandar, og var særs ettersøkt av tyskarane då dei invaderte Noreg. Etter seks månader på rømmen der han skjulte seg på gardar langs Åkrafjorden blei han teken til fange 4. desember 1940 og send til konsentrasjonsleir i Tyskland via Stavanger og Oslo. Han døydde i Sachsenhausen den 27. februar 1942 med «lungebetennelse» oppgjeven som dødsårsak. Også resten av familien til Rabinowitz døydde i dødsleirane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.