Hopp til innhald

Morten Thorsby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Morten Thorsby


StatsborgarskapNoreg
Fødd5. mai 1996 (30 år)
Oslo
Idrettfotball
Tok del i 2019 UEFA European Under-21 Championship qualification Group 5

Morten Thorsby (fødd 5. mai 1996) er ein norsk fotballspelar frå Oslo som gjer teneste i den italienske fotballklubben US Cremonese. Han er ein iherdig, defensiv midtbanespelar.

Thorsby debuterte for nivå 2-laget Stabæk IF i 2013. Etter spel i toppserien våren 2014, skreiv han sommaren 2014 femårskontrakt med nederlandske SC Heerenveen. Etter kontrakten gjekk ut i juni 2019, signerte Thorsby kontrakt med italienske Sampdoria der han vart verande i tre sesongar. 2022/23 spelte han for tyske Union Berlin i bundesligaen. Han reiste i august 2023 tilbake til Italia og slutta seg til Genoa CFC. I februar 2026 vandra han vidare til US Cremonese, eit anna Serie A-lag.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Thorsby fekk sin fyrste landskamp mot Makedonia i Skopje 11. november 2017. Nesten tre år seinare kom han tilbake på landslaget mot AusterrikeUllevål stadion. Gjennom 2021 og 2022 fekk han delta i mange landskampar, ofte som innbytar. Etter eit fråvere på drygt halvtanna år kom han tilbake som innbytar 5. juni 2024 mot Kosovo. Han deltok i 2025 i fire av kvalifiseringskampane til Fotball-VM 2026, anten frå start eller som innbytar. Pr 1. april 2026 er Thorsby bokført med 30 landskampar, ingen skåringar.