Hopp til innhald

Moses Mendelssohn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moses Mendelssohn

Fødd6. september 1729
Dessau
Død4. januar 1786
Berlin
NasjonalitetTyskland
Yrkefilosof, omsetjar, skribent, bibelomsetjar
EktefelleFromet Mendelssohn
BarnDorothea Schlegel, Abraham Mendelssohn Bartholdy, Recha Meyer, Henriette Mendelssohn, Joseph Mendelssohn, Nathan Mendelssohn

Moses Mendelssohn (6. september 17294. januar 1786), var ein tysk jødisk rasjonalistisk filosof, opplysningsfilosof og bibelomsetjar.[1] Han blir rekna som hovudsymbolet for haskalá-rørsla, eller den jødiske opplysnings- og emansipasjonsrørsla.[2]

Bibelomsetjing[endre | endre wikiteksten]

Moses Mendelssohn omsette delar av Den hebraiske Bibelen til tysk med hebraisk skrift med hans eige kommentarverk, Bi'ur[1] (1783).

Familie[endre | endre wikiteksten]

Moses Mendelssohn hadde seks born, sønene Joseph, ein bankmann som mellom anna var ven og støttespelar av Alexander Humboldt, Abraham og Nathan og døtrene Dorothea, Recha og Henriette. To av barneborna hans, Felix Mendelssohn og Fanny Mendelssohn,[3] var vidkjende romantiske komponistar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Berlin, Adele BerlinAdele; Grossman, Maxine (2011). Berlin, Adele, red. «MENDELSSOHN, MOSES» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-973004-9. 
  2. «Haskalah, the Jewish Enlightenment», My Jewish Learning (på engelsk), henta 1. januar 2024 
  3. «Mendelssohn, Moses». 1911 Encyclopædia Britannica. Volume 18.