Mot Dag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mot Dag var ei politisk gruppe, hovudsakleg med intellektuelle medlemmer, stifta av Erling Falk i 1921. Frå starten var gruppa tilslutta Det norske Arbeidarpartiet, men vart i 1925 ekskludert (utestengd). Frå 1926 til 1928 var gruppa så tilslutta Norges Kommunistiske Parti, men var partipolitisk uavhengig frå 1929 til oppløysinga i 1936.

Ei rekkje innverknadsrike personar var med i gruppa, m. a. seinare helsedirektør Karl Evang, og stortingsrepresentant Trygve Bull. Begge var framtredande medlemmer av Arbeidarpartiet, men gjekk sidan over til SV.