Motvind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Motvind Norge er ein norsk organisasjon som kjempar mot vindkraftutbygging i Noreg. Organisasjonen «ønskjer å hjelpe huseigarar og grunneigarar som føler seg overkøyrde av vindkraftutbyggjarane, om så med rettslege steg.»[1]

Organisasjonen vart skipa med eit landsmøte på Frøya 16. november 2019, som ei samanslutning av lokale aksjonsgrupper.[2][3] Ved årsskiftet 2019–2020 hadde organisasjonen, i følgje seg sjølv, 8000 registrerte medlemmer.

Rune Haaland vart tilsett som første generalsekretær i organisasjonen.[4] Organisasjonen omtalar vindkraftprosjekt «som eit overgrep på natur, miljø og lokalsamfunn, og brot på rettsoppfatninga til folk.»[2]

Under koronapandemien i 2020 markerte Motvind Norge seg ved Buheii i Kvinesdal ved å sperre fylkesveg 465 med vaktpost og kjetting.[5] Politiet greip inn og ein person vart bøtelagd.[6]

I mai 2020 vart utbygginga av eit vindkraftverk i Noreg for første gong prøvd i retten. Saka var mellom Motvind Norge og Vardafjellet vindkraft, og Motvind Norge ønskte å stoppe utbygginga gjennom ei mellombels ordning.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • NTB (24. oktober 2019). «Organisasjonen Motvind Norge samler motstandere av vindkraft». Finansavisen. Henta 2. april 2020. 
  • 2,0 2,1 «Historikk». Motvind Norge. Henta 2. april 2020. 
  • «Invitasjon til MOTVIND NORGE» (PDF). Motvind Norge. Henta 2. april 2020. 
  • NTB (21. november 2019). «Bellona-grunnlegger skal lede kamp mot vindmøller». Teknisk Ukeblad. Henta 2. april 2020. 
  • «Aksjon mot ulovlig arbeid på Buheii». Motvind Norge. 31. mars 2020. Henta 2. april 2020. 
  • Jordheim, Hans (2. april 2020). «Vindkraft-aksjonister blokkerte veien for arbeidere». Fædrelandsvennen. Henta 2. april 2020. 
  • Morsund, Gunnar (10. mai 2020). «Første rettssak: Kan forandre vindkraftutbyggingen i Norge». NRK Rogaland. Henta 12. mai 2020. 
  • Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]