Hopp til innhald

Fylkesveg 465

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fylkesveg 465 (fleirtyding).
Fylkesveg 465
465


Strekning
Kjørrefjord i FarsundRisnes i Kvinesdal
Informasjon
Lengd83,9 km
Statusfylkesveg
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 465

Fylkesveg 465 (Fv465) går mellom Kjørrefjord i Farsund og Risnes i Kvinesdal. Veglengda er 83,9 km.

Fram til 2006 var strekninga mellom Hangelandsvika og Faret bru del av europaveg 39. Etter at den nye traseen til europaveg 39 vart opna vart den gamle strekninga mellom Rørvik og Faret bru nedgradert og er no del av fylkesveg 551.

24. november 2009 vart strekninga Hanesund-Sande (6,8 km) i Farsund kommune opna som ny veg. Byggearbeida starta hausten 2006. Den nye vegen er på 6,8 kilometer, inkludert Ravneheitunnelen på 3 340 meter. Tunnelen er den lengste vegtunnelen i Agder. I tillegg til vesentleg betre vegstandard, førte dette til ei innkorting av strekninga med fire kilometer og seks minuttar kortare reisetid på strekninga.[1]

Ytterlegare ti kilometer veg mellom Sande og Ulland vart utbetra frem til 2012, og heile strekninga mellom Farsund og Liknes er nå tofelts.[2]

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma tredde i kraft har han status som fylkesveg.

Kommunar og knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]
Farsund
Kvinesdal
  • Fv551 frå Opofte til Fv653 Dragedal i Lyngdal
  • Fv551 frå Opofte til Faret bru i Kvinesdal
  • Rundkøyring Fylkesveg 465 Opofte, felles trasé til Hangelandsvika
Fedafjorden bru
  1. Homleid, Av: Ådne (16. november 2009). «Åpner Ravneheitunnelen». Bygg.no - Byggeindustrien (på norsk bokmål). Henta 27. januar 2020. 
  2. «Fv. 465 Kjørrefjord-Ulland». Statens vegvesen (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 27. januar 2020. Henta 27. januar 2020. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]