Mount Foster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 62°59′48″S 62°32′55″W
Mount Foster
fjell
Mount-Foster.jpg
Mount Foster med Evlogi Peak og Antim Peak til høgre.
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Fjellkjede Imeon Range
Topp Smith Island
 - høgd 2 105 moh. [1]
 - Primærfaktor 2 105 m ↓  [1]
 - koordinatar 62°59′48″S 62°32′55″W
Førstestiging Greg Landreth
 - dato 29. januar 1996
Administrert under Antarktistraktaten
Mount Foster is located in Antarktis
Mount Foster (Antarktis)

Mount Foster er eit fjell med ei høgd opp mot 2105 moh. i Imeon RangeSmith Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Det er det høgaste punktet i Sør-Shetlandsøyane.

Topografisk kart over Smith Island.

Mount Foster har tre toppar, der sjølve Mount Foster er den sørlegaste. Toppen i midten er Evlogi Peak (2090 moh) og den nordlege er Antim Peak (2070 moh).[2] Greg Landreth og laget hans var dei første til å klatre fjellet, den 29. januar 1996.[3]

Fjellet er kalla opp etter kaptein Henry Foster, ein kaptein på HMS «Chanticleer» som utforska Sør-Shetlandsøyane i 1829.

Mount Foster er knytt via Zavet Saddle til Slaveykov Peak i sørvest og ligg oppom Bistrabreen i vest, Chuprenebreen i nord-nordvest, Rupitebreen i aust, Landrethbreen mot søraust og Dragomanbreen i sør-søraust. Fjellet ligg 5,5 km nordaust for Riggs Peak, 2,78 km sør-søraust for Garmen Point, 7,64 km sørvest for Mount Pisgah og 3,86 km nord-nordvest for Ivan Asen Point.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Antarktis Ultra-Prominences" Peaklist.org. Henta 18. april 2013.
  2. L.L. Ivanov. Antarctic: Livingston Island and Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands. Scale 1:120000 topographic map. Troyan: Manfred Wörner Foundation, 2009. ISBN 978-954-92032-6-4
  3. News from Antarctica: Mount Foster’s first ascent.