Mount Howe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mount Howe
fjell
Land  Antarktis
Topp Marie Byrd Land
 - høgd 2 930 moh.
 - koordinatar 87°22′S 149°30′W / 87.367°S 149.500°W / -87.367; -149.500
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Mount Howe
87°22′00″S 149°30′00″W / 87.3667°S 149.5°W / -87.3667; -149.5
Mount Howe is located in Antarktis
Mount Howe (Antarktis)

Mount Howe er eit langstrekt fjell i Antarktis, 2930 meter over havet, med låge ryggar på sidene og gavl-forma nunatakar. Det ligg på austsida av Scottbreen, nær toppen, like ovanfor Mount McIntyre. Dette fjellet, og ein liten sørleg uteliggar, er tilsynelatande det sørlegaste fjellet i verda. Det vart oppdaga i desember 1934 av eit geologisk lag under Byrd-ekspedisjonen leia av Quin Blackburn, og vart namngjeven av admiral Byrd etter Louis McHenry Howe, sekretær til presidenten av USA på den tida, Franklin D. Roosevelt.[1]

Det sørlegaste kjende naturlege livsforma finst her på Mount Howe — ein koloni med bakteriar og gjær. Alle bakteriar og anna liv på isen vidare sørover til polen verkar å vere liv som er ført dit med vind og vêr. Mount Howe er det området nærast Sørpolen med blåis (eit område utan snø der ein kan lande fly med hjul i staden for meier).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Howe, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 21. oktober 2012. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Howe, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).