Mount Kring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 74°59′S 157°54′E
Mount Kring
nunatak
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Oates Land
 - koordinatar 74°59′S 157°54′E
Administrert under Antarktistraktaten
Mount Kring is located in Antarktis
Mount Kring (Antarktis)

Mount Kring er ein spiss nunatak heilt nord og øvst ved Davidbreen i Oates Land, 13 nautiske mil (24 km) sørvest for Mount Wood i Victoria Land. Han hadde ikkje vore kartlagd då han i lag med Mount Wood vart nytta som eit referansepunkt under opprettinga av ei feltgruppe frå US Antarctic Research Program (USARP) den 6. november 1962. Han vart namngjeven av D.B.McC. Rainey frå kartografiavdelinga til det newzealandske departementet for landmåling etter stabssersjant Arthur L. Kring i United States Marine Corps (USMC), som var navigatør på mange flyturar for skvadron VX-6 i 1962-63 då feltgrupper frå New Zealand fekk hjelp av denne skvadronen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Kring» (innhald frå Geographic Names Information System).