Mount Tenniel
Mount Tenniel | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Palmer Land | ||
• høgd | 1 625 moh. | ||
- koordinatar | 70°20′S 62°48′W / 70.333°S 62.800°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Tenniel 70°20′00″S 62°48′00″W / 70.3333°S 62.8°W | |||
Mount Tenniel er eit fjell, 1625 moh, som står 7 nautiske mil (13 km) vest-nordvest for munningen av Cliffordbreen på austkysten av Palmer Land. Det vart oppdaga i 1936 av eit sledelag under British Graham Land Expedition (BGLE) leia av Rymill. I 1947 vart det fotografert frå lufta av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) under Finn Rønne, medan Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) kartla det frå bakken. Det vart namngjeve i 1952 av sir Miles Clifford på Falklandsøyane, etter grandonkelen sir John Tenniel, 1820–1914, som var ein kjend engelsk illustratør, humorist og politisk teiknar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Tenniel» (innhald frå Geographic Names Information System).