Mount Whitney
Mount Whitney | |||
fjell | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | California | ||
![]() Mount Whitney | |||
Wikimedia Commons: Mount Whitney | |||
Mount Whitney er eit fjell på 4 421 meter over havet i delstaten California i USA. Fjelltoppen er den høgste i USA utanom delstaten Alaska. Mount Whitney ligg i den austlege ytterkanten av fjellkjeda Sierra Nevada. Sjølve fjelltoppen reiser seg langs grensa mellom Sequoia nasjonalpark og Inyo nasjonalskog.
Tre mann som budde i landsbyen Lone Pine steig i 1873 til topps på Mount Whitney som dei fyrste menneska.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Mount Whitney» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juli 2013.