Mpika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart som viser Mpikas plassering

Mpika er ein by i Muchinga-provinsen i Zambia der Great North Road har avkøyring til Kasama og Mbala, til Tanzam Highway og Dar-es-Salaam i Tanzania. Det er òg ein jernbanestasjon på TAZARA-jarnbana om lag 5 km frå Mpika.

Byen ligg mellom Muchinga og den enorme Miombo-sletta i vest. Han har ein anteken folkesetnad på 40 000 innbyggjarar (2008), og 150 000 innbyggjarar om ein tek med distrikta rundt byen. Sidan Mpika-distriktet er det største i Zambia er likevel folketettleiken mindre enn 4 per km².

Kjelder[endre | endre wikiteksten]