Muckish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Muckish
fjell
none  Muckish sett frå halvøya Horn Head
Muckish sett frå halvøya Horn Head
Land {{landdata Donegal i Irland Republikken Irland landflagg2 namn = Donegal i Irland Republikken Irland variant = storleik =

}}

Fjellkjede Derryveaghfjella
Høgd 666 moh moh
Koordinatar 53°31′16″N 9°49′52″WKoordinatar: 53°31′16″N 9°49′52″W
Wikimedia Commons: Muckish

Muckish (irsk An Mhucais, som tyder «Griseryggen») er eit fjell i County Donegal i Republikken Irland. Det er ei karakteristisk fjell i Derryveaghfjella med flat topp. Med ei høgd på 666 meter over havet er fjellet det tredje høgaste i fjellkjeda, der Errigal er det høgaste. Muckish er òg det nordlegaste og det nest høgaste av fjellkjeda kalla Seven Sisters av dei lokale innbyggjarane (Muckish, Crocknalaragagh, Aghla Beg, Ardloughnabrackbaddy, Aghla More, Mackoght (òg kalla 'Litle Errigal') og Errigal).

Før i tida vart det grave ut kvartssand av høg kvalitet i fjellsida. Sanden vart eksportert og hovudsakleg nytta til produksjon av optisk glas.

Falcarragh, Dunfanaghy og Creeslough er dei næraste byane til Muckish. På Falcarragh-sida ligg Mam Mucaise, Muckishdalen, der ein finn Droichead na Caointe («Sorgbrua»). Det var på denne brua av tusenvis av Cloughaneely-emigrantar sa farvell til familien sin.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]