Mudanjiang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mudanjiang
byprefektur
Mdj-cbd.jpg
Land Flag of the People's Republic of China.svg Folkerepublikken Kina

Mudanjiang
44°35′10″ N 129°35′59″ E
Wikimedia Commons: Mudanjiang
Mudanjiang (gul) i Heilongjiang

Mudanjiang (kinesisk skridt 牡丹江; pinyin Mǔdānjiāng) er eit byprefektur i provinsen Heilongjiang i Kina, søraust i provinsen. Byprefekturet, som er det sørlegaste i Mudanjiang, grensar mot provinsen Jilin i sør og mot grannelandet Russland i aust (frå byen Mudanjiang er det 248 km til Vladivostok). Byprefekturet Mudanjiang har eit areal på 40 435 km² og 2 798 723 innbyggjarar (2010). Vel 800000 av innbyggjarane bur i byen/byområdet Mudanjiang.

Byprefekturet Mudanjiang omfattar fire bydistrikt (区 ), fire byfylke (市 shì) og to fylke (县 xiàn).

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 201 i Kina går gjennom prefekturet. Vegen tek til i Hegang i provinsen Heilongjiang og fører via mellom andre Mudanjiang og Dandong sør til Liaodong-halvøya til Lüshunkou/Dalian.

Også riksveg 301 i Kina går gjennom området. Han går frå Suifenhe i Heilongjiang via mellom andre Mudanjiang, Harbin og Qiqihar til Manzhouli i Indre Mongolia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Mudanjiang