Munster Blackwater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Blackwater for andre elvar med same namn.
Blackwater
elv
IMG BlackwaterBridge3720rz.jpg
Blackwater ved Fermoy
Lengd 120 km
Kjelde Mullaghareirkfjella i County Kerry
Munning Det keltiske havet ved Youghal
Map
Munster Blackwater
51°56′28″ N 7°50′10″ W
Wikimedia Commons: River Blackwater, Cork

Blackwater eller Munster Blackwater (irsk An Abhainn Mhór, «Den store elva») er ei elv som renn gjennom grevskapa Kerry, Cork og Waterford i Republikken Irland. Ho har utspring i Mullaghareirkfjella i County Kerry og renn så austover gjennom County Cork, Mallow og Fermoy. Ho renn inn i County Waterford og gjennom Lismore, før ho brått snur sørover ved Cappoquin og til slutt munnar ut i sjøen ved Youghal hamn. Blackwater er 120 km lang og er kjend som ei av dei beste lakseelvane i landet, sjølv om laksebestanden har fall drastisk dei siste åra. Mange fiskarar i elva må like vel betale ei avgift til hertugen av Devonshire, som eig elva. Hertugen eig òg Lismore Castle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]