Museu de Arte de São Paulo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Museu de Arte de São Paulo

StadSão Paulo, Bela Vista District
Skipa1947
Kart
Museu de Arte de São Paulo
23°33′40″ S 46°39′21″ W

Museu de Arte de São Paulo er eit kunstmuseum i São Paulo i Brasil. Det ligg ved Paulista-avenyen.[1][2] Museet er ein ideell organisasjon skipa i 1947 av Assis Chateaubriand og Pietro Maria Bardi.

Bygningen til museet er frå 1968, utforma i glas og betong av Lina Bo Bardi. Hovuddelen av bygget kviler på to vassrette bjelkar over eit 74 meter langt ope rom. Byggverket er rekna som eit landemerke i byen og eit symbol på moderne brasiliansk arkitektur.[3]

Museet har ei internasjonalt omtykt samling europeisk kunst som er rekna som den beste i Latin-Amerika og på heile den sørlege halvkula.[3][4] Det var også det første brasilianske museet som fatta interesse for kunstnariske retingar frå etterkrigstida. Det huser ei vektig samling av brasiliansk kunst og mindre samlingar av afrikansk og asiatisk kunst, antikvitetar, kunsthandverk og liknande, med til saman over 8 000 gjenstandar. MASP har også eit av deu støste kunstbiblioteka i landet. Heile samlinga er sett på den brasilianske kulturminnelista av Instituto do Patrimônio Histórico e Artístico Nacional i Brasil.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Av. Paulista 1578, São Paulo, interactive Google street view photo and map». Geographic.org. Henta 10. august 2016. 
  2. Authorities seek shut-down of renowned São Paulo art museum, CBCNews, 19. januar 2008, henta 25. juni 2009 
  3. 3,0 3,1 São Paulo Museum of Art, Encyclopaedia Itaú Cultural Visual Arts, henta 25. juni 2009 
  4. O Masp pede socorro (på portugisisk), Forum Permanente, arkivert frå originalen 10. juli 2009, henta 25. juni 2009 
  5. IPHAN – Official note (på portugisisk), IPHAN, arkivert frå originalen 17. desember 2008, henta 25. juni 2009 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Museu de Arte de São Paulo