São Paulo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå São Paulo (fleirtyding).
Município de São Paulo
Horisonten til São Paulo
Horisonten til São Paulo
Flagget til São Paulo Byvåpenet til São Paulo
Flagget til São Paulo Byvåpenet til São Paulo
Styresmakter
Land
Region
Brasil
Søraust
São Paulo
Grunnlagd 25. januar 1554
Geografi
Flatevidd 1 523 km²
Innbyggjarar
 - By (2022)
 - Storbyområde

11 057 629
19 889 559
Koordinatar 23°33′″S 46°38′″WKoordinatar: 23°33′″S 46°38′″W
Høgd over havet 760 m
Tidssone UTC-03:00 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.prefeitura.sp.gov.br/
Nettstad: www.cidadedesaopaulo.com
Plassering
Plassering av São Paulo
Plassering av São Paulo

São Paulo (offisielt namn Município de São Paulo) er hovudstaden i delstaten São Paulo og den største byen i Brasil så vel som på den sørlege halvkula. Folketalet ved folketeljinga i 2000 var 10 434 252 innbyggjarar; i 2005 anslo IBGE folketalet til å vera om lag 10 927 985 og i 2010 om lag 11 057 629.

Han blir rekna som ein av dei viktigaste byane i Brasil, både frå eit sosialt, økonomisk og politisk synspunkt. Innanfor bygrensene bur det om lag 20 237 000 menneske, og dermed er São Paulo den mest folkerike byen i Brasil og den 3. største i verda, etter Tokyo og Mexico by. BNP til São Paulo var på 76 milliardar dollar i 2005. Budsjettet til byen er det tredje største i Brasil, nest etter det nasjonale budsjettet og budsjettet til delstaten São Paulo.

Enkelte av naboregionane til São Paulo vert rekna som storbyområde, som til dømes Campinas og Santos. Det er fleire større bysentrum i området som er i sterk vekst, slik som Jundiaí, Sorocaba og São José dos Campos. Desse områda vert kalla «Complexo Metropolitano Estendido», eller storbyregionen, og har over 29 millionar innbyggjarar, noko som utgjer 70 % av delstaten.

Oversikt[endre | endre wikiteksten]

São Paulo er den rikaste byen i Sør-Amerika, men innbyggjarane lever under svært ulike sosiale og økonomiske vilkår. Byen har eit stort tilbod innan kultur og underhaldning, og er i så måte samanliknbar både med Paris og New York. Byen vert kalla «verdas gastronomiske hovudstad»., på grunn av det store utvalet og den gode kvaliteten på restaurantar og kaféar.

Byen står likevel overfor dei same problema som andre storbyar: til dømes svært mange bilar i sirkulasjon, noko som gjer at São Paulo har den nest største helikopterflåten i verda, nest etter New York. Dei sosiale og økonomiske skilnadene gjer seg gjeldande i sjølve bylandskapet: fleire stader kan ein sjå luksuriøse høghus ved sidan av slumområde og andre bustadområde i dårleg forfatning. Byen er stor i utstrekning og dermed svært mangfaldig, frå svært høg til svært låg folketettheit. Ein stor del av innbyggjarane i byen kjenner dermed knapt til bydelar som ligg utanfor området ein bur og arbeider. Byen har og ein svært ueinsarta kultur, som spenner frå det «kosmpopolittiske» til det «rurale». Han er kjend under kallenamna Sampa, Selva de Pedra ('Steinjungelen')[1] og Terra da Garoa ('Land av yr').

Viaduto do Chá, sentrum av São Paulo

I tillegg til å vere det største produksjons- og forbrukarsenteret i Brasil, er São Paulo eit stort knutepunkt for vegtrafikk, og knyter saman Nord- og Sør-Brasil. Fleire motorvegar startar i São Paulo, som til dømes Rodovia Presidente Dutra, som går til Rio de Janeiro, Rodovia Ayrton Senna, som går til Vale do Paraíba; Rodovia Fernão Dias, som går til Belo Horizonte; Rodovia dos Bandeirantes, som går til Limeira; Rodovia Anhangüera, som går til Uberaba (MG); Rodovia Castelo Branco, som går til Ourinhos; Rodovia Raposo Tavares, Rodovia Régis Bittencourt, som går til Curitiba; Rodovia dos Imigrantes og Rodovia Anchieta som går til Baixada Santista. Flyplassane i byen er Campo de Marte, Congonhas, Cumbica og Viracopos. Dei to siste er internasjonale flyplassar.

Dei tre største elvene som går gjennom São Paulo er Tietê, Pinheiros og Tamanduateí.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Monumento dos Bandeirantes

Landsbyen São Paulo de Piratininga oppstod den 25. januar 1554 då jesuittprestane Manuel da Nóbrega og José de Anchieta grunnla ein jesuittskule mellom elvene Anhangabaú og Tamanduateí. Jesuittskulen heldt til eit hus laga av gjørme og trepålar, og formålet var å halde katekese for urfolka som levde i området.

Koloniseringa av området byrja i 1560, då koloniguvernøren Mem de Sá bestemte at innbyggjarane i landsbyen Santo André da Borda do Campo skulle busette seg rundt jesuittskulen, som hadde fått namnet «Colégio de São Paulo de Piratininga». Namnet kom av at den katolske kyrkja feirar Pauli omvending til kristendommen den 25. januar. Landsbyen Santo André da Borda do Campo vart då forlaten, og São Paulo vart oppgradert til landsby. I løpet av dei neste to hundreåra var São Paulo ein fattig og isolert landsby, utanfor koloniens sentrum, og innbyggjarane levde av små gardsbruk.

São Paulo var den fattigaste regionen i kolonien, dermed danna han utgangspunktet for ekspedisjonane «bandeirantes», som reiste innover i landet for å utforske og jakte på indianarar, gull og diamantar. Når det vart oppdaga gull i regionen Minas Gerais kom São Paulo i søkjelyset til kongedømmet, og i 1711 vart den oppgradert til by. Når gullet tok slutt på slutten av 1700-talet oppstod ein handelssyklus med sukker, ein handel som etterkvart utvida seg mot dei indre regionane i landet. São Paulo fekk funksjonen å sende sukkerproduksjonen ut til hamna i Santos.

I 1828 vart det første juridiske fakultetet grunnlagt, noko som gav startskotet til ein ny periode med vekst. I tillegg til mange studentar og lærarar, auka produksjonen av kaffi i regionane Campinas og Rio Claro. I denne perioden byrja det å kome eit stort tal av innvandrarar, særleg frå Italia. Mange av desse busette seg i hovudstaden, og den første industrien byrja å ta form.

Høgdepunktet av kaffiperioden er representert gjennom bygginga av stasjonen Estação da Luz mot slutten av 1800-talet. I denne perioden vart byen sitt økonomiske sentrum flytta frå den historiske gamlebyen, i retning vest. Anhangabaú-dalen vert omgjort til parkområde, og området på den andre side av elva vert det nye sentrum, eller «Centro Novo». Utbetringane som vart gjennomført av myndigheitspersonane João Teodoro og Antônio Prado gjer sitt til å skape ei stemning prega av utvikling. Det vert hevda at heile byen vart jamna med jorda og bygd opp att.

I løpet av 1900-talet auka industrien i byen, og dette førte til at større delar av byen vart bygd om. Nye bydelar vart konstruert kor det tidlegare var landsbyhus. Veksten i industrien kom under 2. verdskrigen på grunn av krise i kaffidyrkinga og internasjonale handelshindringar, noko som gjorde at byen fekk ei høg vekstrate som har halde seg til dags dato.

I dag har veksten minka, på grunn av at andre regionar i Brasil har hatt industrivekst. Byens er i ferd med å endre preg frå å vere primært ein industriby til ein metropol for handel, tenester og teknologi. Mange reknar byen for å vere den viktigaste i Latinamerika.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

São Paulo ligg ved utløpet til Tietê-elva.

Omkringliggjande område[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilde overGrande São Paulo.

Den valdsamme byekspansjonen i Grande São Paulo har gjort dei administrative kommunegrensene nærmast uverksamme, og det har skapt ein metropol med São Paulo som sentrum og femner til dømes Santo André (São Paulo), São Bernardo do Campo, São Caetano do Sul, Diadema (den såkalla ABC-regionen), Osasco og Guarulhos, blant andre. Ekspertar har hevda at det er naudsynt med ein byutviklingspolitikk som tar høgde for dette, for å unngå negative følgjer for innbyggjarane.

Kommunen grensar mot Caieiras og Mairiporã mot nord, Guarulhos mot nordaust, Itaquaquecetuba, Poá og Ferraz de Vasconcelos mot aust, Mauá, Santo André (São Paulo), São Caetano do Sul, São Bernardo do Campo, Diadema og São Bernardo mot søraust, São Vicente, Mongaguá og Itanhaém mot sør, Juquitiba, Embu-Guaçu, Itapecerica da Serra, Embu, Taboão da Serra, Cotia og Osasco mot vest og Santana de Parnaíba og Cajamar mot nordvest.

Grande São Paulo består av 39 kommunar, og er dermed den største metropolen i Latinamerika.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i São Paulo vert rekna som subtropisk eller høgtliggjande tropisk klima. Dette gir relativt kjølige vintrar og varme somrar. Temperaturane på hausten og våren er relativt like, men vinteren er mildare enn i eit temperert klima, sidan det er uhyre sjeldan at temperaturane går under null grader Celsius. (Offisielt har det berre vore registrert snøfall éin gong, den 25. juni 1918). Sommaren er veldig lik eit temperert klima. I São Paulo startar sommaren den 21. desember og varer til 20. mars. Hausten startar 20. mars og varer til 21. juni. Vinteren startar 21. juni og varer til 22. september. Våren varer frå 22. september til 21. desember. Vinteren i São Paulo er tørr, sommaren fuktig, og vinteren og hausten er delvis fuktige.

Middelstemperaturen per år er på 19,5 °C. Om sommaren er middelstemperaturen på 23, med minimum 19 og maksimum middelstemperatur på 27 i Januar. Om vinteren har São Paulo temperaturar på mellom 12 og 22. På våren og hausten er temperaturen på mellom 14 og 25 grader. Den høgste registrerte temperaturen var på 36.9 grader i januar, og den minste -2,2, i juli 1918. São Paulo er ein av stadene med færrast soltimar i Brasil, med seks timar sol per dag i januar og sju timar i juli.

São Paulo er den tredje kaldaste hovudstaden om vinteren i Brasil, etter Curitiba og Porto Alegre. Den fjerde kaldaste hovudstaden om vinteren er Florianópolis, den femte Campo Grande, den sjette er Belo Horizonte og den sjuande er Brasília.

Regnperioden i São Paulo, er mellom november og mar med meir enn 100 millimeter regn. April og oktober har i gjennomsnitt 100 mm. Januar er den mest regnfulle månaden, med 241mm regn i månaden. August er den tørraste månaden, med berre 39mm regn i månaden. São Paulo har eit subtropisk klima på grunn av at den ligg 760 moh.. Dersom den hadde lege ved kysten, hadde den hatt eit tropisk klima.

Det er vanleg at luftforureininga aukar om vinteren i São Paulo. August er den verste månaden, og februar er den månaden med best luftkvalitet.

  Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des Årleg[2]
Maksimum Medium°C 27 28 27 25 23 22 21 23 23 25 26 26 23,5
Minimum Medium°C 19 19 18 17 15 13 12 13 14 16 17 18 15,5
Nedbør(mm) 241 203 142 58 43 38 28 36 58 150 122 198 1317

Inndelingar[endre | endre wikiteksten]

Kart over dei administrative inndelingane i São Paulo

São Paulo kommune er delt inn i trettiein bydelar, som deretter er inndelt i distrikt. Bydelane er offisielt inndelt i ni regionar (zonas), basert på beliggenheit og busetjingsmønster. Det er derimot enkelte organ og institusjonar (telefonselskap, valkretsar og liknande) som brukar ei anna inndeling enn den offisielle.

Byplanleggjing[endre | endre wikiteksten]

Samansetjing og utvikling[endre | endre wikiteksten]

São Paulo har eit stort mangfald av urbane karakteristika, typisk for metropolar i utviklingsland. Hovudkjernen i byen er vertikal, prega av byggnader innan handel og servicenæringa. I utkantane har bygningane som regel to til fire etasjar. Samanlikna med andre såkalla «globale» byar, som New York og Hong Kong, er São Paulo rekna som ein «låghus-by». Det er få bygningar med meir enn førti etasjar, og gjennomsnittshøgda på blokkene er på 20 etasjar.

Ulike bruksmønster innan éin region

Dei følgjande busetjingsmønstra er mest vanlege:

  • Hus med middel- og lågare klassestandard, hovudsakleg i handels- og bustadområde.
  • Utkantstrøk der bustadreguleringar vert følgd i mindre grad, større tettheit enn husa nemnt ovanfor.
  • Middelklassestrøk, som regel i ein sirkel rundt bykjernen, men nærmare sentrum enn utkantstrøka. Blokker med leilegheiter, som regel med avgrensa tilgang.
  • Høghus i sentrum, med store skilnader når det gjeld høgd og storleik på vegar.
  • Nye høghusområde med tilbaketrekte leilegheiter og meir bruk av bil, til dømes Nova Faria Lima og området rundt Avenida Berrini.
  • Låghusområde med avgrensa tilgang.
  • Bustadområde vanlegvis rekna som favelaer.

Dette mangfaldet av bylandskap er ikkje så lett å føreseie. Enkelte av dei mest sentrale områda i byen har vorte sterkt degradert, noko som har ført til at nye økonomiske og sosiale sentera har vorte skapt. Dei ulike områda av byen har òg gått gjennom endringar i karakter i løpet av 1900-talet. Sidan mykje industri har blitt flytta til andre byar eller delstatar, har mange fabrikkbygningar vorte gjort om til forretningslokale og i enkelte tilfelle, bustader.

Av. Luís Carlos Berrini, viktig økonomisk sentrum innan tertiærneringa sidan 90-talet

Den mest tydelege endringa når det gjeld det økonomiske aspektet, er den såkalla søraust-vektoren i São Paulo. Dette viser til ein tendens i bustadmarknaden, og forretningar generelt, som gjeld at bysentrum vert «flytta» mot område som tidlegare vart rekna som «perifere». Denne flyttinga skjer som regel i retning nordaust-søraust, med få unntak. Denne tendensen har gjort seg gjeldande sidan starten av 1900-talet, frå den såkalla «historiske trekanten» (byen sitt opphavlege sentrum), har det sosio-økonomiske sentrum vorte flytta til Centro Novo-området, (på andre sida av Anhangabaú-dalen, og deretter mot Avenida Paulista. I løpet av dei siste to tiåra har dette sentrumspunktet flytta seg til avenyane Faria Lima og Berrini. Andre område utanom denne søraust-vektoren, slik som bydelane Tatuapé og Santana har utvikla seg til regionale sentra.

Eit utkantsområde aust i São Paulo

Fleire ekspertar har hevda at eitt av dei viktigaste særprega til byen er den vedvarande bylandskapsendringa på grunn av den teknologiske utviklinga. I følgje eksperten Benedito Lima de Toledo, vart byen São Paulo totaløydelagt og bygd opp att minst tre gonger i perioden mellom 1870 og 1970. Desse tre periodane kan kjenneteiknast gjennom den byggemetoden som var dominerande på det aktuelle tidspunktet. Først var byen prega av spreidde bygningar av pålar og leire, noko som varte frå kolonitida fram mot slutten av 1800-talet. I byrjinga av 1900-talet var byen omforma hurtig, og vart prega av mursteinsbygningar inspirert av europeisk byggetradisjon. Til slutt, når høghus, ekspansjon og avansert teknologi kom på dagsordenen, vart byen på nytt jamna med jorda og bygd opp att i metall og armert betong. Det er få eksemplar att frå dei tidlegare fasane: nokre få bustader frå bandeirantes-epoken og Museu de Arte Sacra er nokre av dei få eksemplara frå «pålebyen». Frå «mursteinsbyen» finst det intakte bygningar, slik som Pinacoteca do Estado.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Tre jenter frå São Paulo i 2006.

Etnisk samansetjing[endre | endre wikiteksten]

I følgje IBGE har befolkninga i São Paulo følgjande etnisk opphav: europeisk (65,7 %), afro-europeisk (26,2 %), afrikansk (6,0 %), austasiatisk (2,1 %) og urfolk (0,1 %). São Paulo er den mest multikulturelle byen i Brasil og ein av dei mest mangfaldige i verda. Sidan 1870 har om lag 2,3 millionar innvandrarar frå heile verda busett seg i delstaten.

São Paulo er mellom anna rekna som den største portugisiske byen utanfor Portugal, den største japanske byen utanfor Japan, den største spanske byen utanfor Spania, den tredje største italienske byen i verda utanfor Italia og den tredje største libanesiske byen utanfor Libanon.

Europearar[endre | endre wikiteksten]

Europeiske innvandrarar i São Paulo rundt 1890.

Den italienske befolkninga er blant dei mest markante, og er å finne over heile São Paulo. 55 % av befolkninga i São Paulo, altså 5,5 millionar menneske er etterkomarar etter italienarar. Ingen italienske byar har fleire italienarar enn São Paulo, den største byen i Italia, Roma, har 2,5 millionar innbyggjarar. I starten etablerte italienarane seg i utvalde strøk, slik som Bixiga og Mooca, som framleis har eit italiensk preg. På byrjinga av 1900-talet var italiensk meir utbreidd enn portugisisk i São Paulo. Dei ulike italienske dialektene sette sitt preg på dagens São Paulo-dialekt. Den portugisiske befolkninga har òg sett preg på byen, og er like omfangsrik som den italienske. Det finst òg eit betydeleg innslag spanske og tyske innvandrargrupper. Det finst fleire enn 60 tusen jødar i São Paulo, for det meste konsentrert i bydelane Higienópolis og Bom Retiro.

Arabarar[endre | endre wikiteksten]

Ein av dei mest markante innvandrargruppene i byen er den arabiske. Mellom 1900 og 1930 kom det eit stort tal libanesarar og syrarar. Etterkomarane deira er i dag fullstendig integrert i den brasilianske befolkninga, men enkelte kulturelle særtrekk set preg på byen den dag i dag. Det finst eit utal arabiske restaurantar, og rettane dei serverer har vorte innlemma i det brasilianske kjøkken, slik som quibe og esfiha. Restaurantes de comida árabe abundam por toda a cidade, vendendo pratos que já entraram definitivamente na culinária brasileira: quibe, esfiha. Gata Rua 25 de Março vart danna av arabarar, som i all hovudsak dreiv med handelsverksemd.

Asiatar[endre | endre wikiteksten]

São Paulo er den byen i Brasil med flest personar med aust-asiatisk avstamming. 2,1 % av innbyggjarane, dvs. ca. 200 000 personar, er av orientalsk bakgrunn. Det japanske samfunnet i byen er det største utanfor Japan. Innvandringa frå Japan starta i 1908, og varte fram til 1950-talet. Den største konsentrasjon av japanarar kan finnast i bydelen Liberdade. Der kan ein finne skilt som er skrivne på japansk, butikkar med japanske varer og høyre folk snakke japansk i gatene. Det finst òg ein betydeleg koreansk koloni i byen. Det finst over 60 tusen personar med sør-koreansk avstamning, for det meste busett i området Bom Retiro. Det finst eit betydeleg antal kinesarar i bydelen Cambuci.

Svarte[endre | endre wikiteksten]

Allereie på 1800-talet hadde byen ei afro-amerikansk befolkning, men det var først på andre halvdelen av 1900-talet at den svarte befolkninga starta å auke, på grunn av innvandring frå andre delstatar i Brasil, for det meste kystområdet i Bahia.

Nordaust-brasilianarar (Nordestinos)[endre | endre wikiteksten]

Etter at den europeiske og asiatiske innvandringa stagnerte etter 1930-talet, byrja ei innvandringsbølgje frå Nordaust-Brasil. Dei fleste innvandrarane kom frå delstatane Pernambuco, Paraíba, Alagoas, Bahia og Minas Gerais. Mange av desse var afro-brasilianarar. På grunn av det enorme innvandringstrykket, og mangel på gode føresetnader for dei fleste, valde mange av desse innvandrarane å vende tilbake til heimeområda sine.

Politiske tilhøve[endre | endre wikiteksten]

Den utøvande makta i kommunen São Paulo er representert gjennom ordføraren og sekretærkabinettet hans, i følgje retningslinene i den føderale grunnloven. Handlingsplanen for kommunen har bestemt at den offentlege forvaltninga skal sørgje for at befolkninga får det som trengst for å oppretthalde eit deltakande demokrati, og dette har ført til at byen er inndelt i bydelsadministrasjonar, som vert leia av ein bydelsordførar.

Den lovgjevande makta er representert gjennom bydelstinget, som er sett saman av 55 representantar valde inn for fire år om gangen. Bydelstinget utformar og stemmer over lovar som gjeld forvaltninga og den utøvande makta, særskilt kommunebudsjettet. På grunn av ordføraren sin vetorett, kan avstemminga over slike lover skape sterk debatt mellom den utøvande og den lovgjevande makta.

I tillegg til den lovgjevande prosessen og arbeidet til dei ulike sekretariata, finst det ei rekkje såkalla «kommuneutval", som arbeider med ulike tema. Desse må vere samansett av medlemer frå det sivile samfunnet. Det har vore stilt spørsmålsteikn ved arbeidet til desse utvala, også om kor vidt dei er representative. Følgjande kommuneutval er aktive per i dag: Barne- og ungdomsutvalet (CMDCA), Informatikkutvalet (CMI), Handikaputvalet (CMDP), Utdanningsutvalet (CME), Bustadsutvalet (CMH), Miljøutvalet (CADES), Helseutvalet (CMS), Turistmeutvalet (COMTUR), Menneskerettsutvalet (CMDH), Kulturutvalet (CMC), Trygdeutvalet (COMAS) og Rusmiddelsutvalet (COMUDA).

Bystyret eig eller er hovudeigar i ei rekkje selskap som opererer på ulike område innan offentleg tenesteyting eller økonomisk verksemd.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

São Paulo vert rekna for eit kultursentrum i Brasil, og har vore årestad for ei rekkje kunstnariske og estetiske rørsler i løpet av 1900-talet. Trass rivaliseringa med Rio de Janeiro når det gjeld statusen som hovudsete for dei viktigaste kulturinstitusjonane i landet, er det for det meste i São Paulo at ein kan finne den såkalla «borgarlege» brasilianske kulturen. São Paulo har ei stort nettverk av teaterhus, konsertstader, utestader, utdanningsinstitusjonar, museum, galleri, ofte dei største i sitt slag. Til dømes det største offentlege universitetet i landet, Universidade de São Paulo, det største private universitetet, Universidade Paulista, og den største konsertscena i landet, DirecTV Music Hall.

Kultursektoren er likevel sentrert i bykjernen, noko som har ført til ein del kritikk, i og med at det kan sjåast som ei slags segregering, og at dei som bur i utkantstrøka i praksis vert røva frå retten til å bruke byen.

São Paulo vert uoffisielt rekna for å vere verdas gastronomiske hovudstad (sidan 1997). São Paulo er rekna som eit trendsetjande motesenter, og Rua Oscar Freire er ei av dei åtte mest luksuriøse gatene i verda i følgje «Mystery Shopping International» .

Transport[endre | endre wikiteksten]

Trafikkorkene i dei store gjennomfartsårene er eit av byen sine kjenneteikn. Den kollektive transporten, har likevel ei nøkkelrolle i dagleglivet, São Paulo har eit omfangsrikt busslinjenett, med meir enn ti tusen køyretøy. Jernbanenettet, CPTM og metroen, Metrô er knytte saman, og står for resten av det kollektive transportnettet. Ein kan òg finne «piratbussar", såkalla lotações som vert nytta av folk som ikkje har enkel tilgang til det konvensjonelle transportnettet.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

São Paulo har meir forretningsturisme enn reakreasjonsturisme. Det finst fleire store hotellkjeder retta mot bedriftsmarknaden, med fleire filialar. Det finst òg ein heil del kulturturisme, spesielt når det gjeld store internasjonale arrangement, slik som São Paulo-biennalen og konsertar med verdskjente artistar, som sjeldan opptrer i andre brasilianske byar.

På grunn av den sterke kjøpekrafta til ein svært liten, men markant, del av innbyggjarane i São Paulo, har byen ei rekkje kulturaktivitetar og eit uteliv som vert rekna for å vere blant Brasils beste. Det finst 280 kinoar, 120 teater, 71 museum og 11 kulturhus, og det seiast at «det finst alltid noko å finne på i São Paulo». Dette kultur- og fritidstilbodet er som regel avgrensa til ein liten del av befolkninga i tillegg til turistar, som ofte er på forretningsreise.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Henriques, Gonçalo (6. februar 2020). «São Paulo, a selva de pedra | Num Postal» (på portugisisk). Henta 21. februar 2023. 
  2. Kjelde: Weather Channel
  • IBGE, folketal i byar i Brasil.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: São Paulo

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • BONDUKI, Nabil; Habitar São Paulo: Reflexões sobre a gestão urbana; São Paulo: Editora Liberdade, 2000; ISBN 85-7448-032-0
  • PORTA, Paula (org); História da cidade de São Paulo - 3 volumes; São Paulo: Editora Paz e Terra, 2004
  • TOLEDO, Benedito Lima de; São Paulo: três cidades em um século; São Paulo: Editora Cosac e Naify, 2004; ISBN 85-7503-356-5