Museumsfabrikken Strømmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Museumsfabrikken Strømmen er ei avdeling under Akershusmuseet, og har tilhald i det tidlegare rådhuset i Skedsmo på Strømmen, som òg hyser Akershusmuseet.

Museumsfabrikken Strømmen har formidling som si oppgåve og skipar til ulike utstillingar over mange tema. Avdelinga tek imot grupper frå barnehagar, grunnskule, vidaregåande skule, og dessutan andre grupper som ønskjer å kome. Læreplanen for kunnskapsløftet er utgangspunktet for utarbeiding av undervisningsopplegg. Det vert skipa til fleire skiftande utstillingar i årets løp, og eigne undervisningsopplegg for kvar av av dei vert utarbeida. Avdelinga lèt seg inspirere og involvere i aktuelle emne gjennom dokumentasjon, dialog og ulike typar formidling, mellom anna utstillingar på internett, og samarbeider med ein rad instansar om arrangement i og utanfor museet. På bakgrunn av at det finst mange fortider, mange historier som syner variasjon, mangfald og motsetnader, er det meininga at historiske og samtidige tema skal verte vinkla på slike vis at kontrastar i verdiar, haldningar og livssyn kjem til syne. Presentasjonen av ulike fortider eller ståstader skal kunne bidra til forståing og respekt for at andre har eit anna bilete av røyndomen enn det ein sjølv har.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]