Musica enchiriadis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Musica enchiriadis ved Bamberg Staatsbibliothek.

Musica Enchiriadis er namnet på ei lærebok i musikk som vart skriven i tida mellom 850 og 900. Boka er den første i sitt slag, og tek føre seg ulike modus eller kyrkjetonearter. Enchiriadis er eitt av dei første forsøka på å setja desse toneartene i system.

Forvitneleg er det og for ettertida at Enchiriadis syner den første freistnaden på musikalsk notasjon. Boka nyttar daseia-systemet, som var komen frå Bysants. Det er hevda at Enchiriadis står i gjeld til teorien og den fleirstemmige tradisjonen som var utvikla austpå. På denne tida var det etter måten god kontakt mellom frankarkongane og Det austromerske riket. Slik sett er Enchiriadis eit døme på utviklinga som gjekk føre seg innanfor den karolingiske renessansen som voks fram i krinsen om Karl den store og biskopen Alcuin.

Enchiriadis gjev døme på «Organum» i ein tidleg fase, og reknar denne fleirstemmige songen som kjend. Skalaene er boka er delt opp i tetrakordar, men ikkje i reine oktavar, noko som vart fastsett seinare, av Guido av Arezzo.

Musica Enchiriadis er gjerne samanstilt med Scolica Enchiriadis, som er endå meir noggrann på dei talmessige tilhøva mellom dei ulike tonane.