Musikaren Don Dixon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Musikaren Don Dixon
Fødd13. desember 1950
FødestadEaston
OpphavUSA
SjangerAmericana
Instrumentbassgitar, gitar
PlateselskapEnigma Records
Verka sommusikar, låtskrivar

Don Dixon (fødd 13. desember 1950 i Lancaster i Sør-Carolina) er ein USA-amerikansk plateprodusent, låtskrivar, musikar, bassgitarist og ein sjeldan gong skodespelar. Dixon vert rekna som ein av nøkkelprodusentane i det som vert kalla janglepop-rørsla tidleg på 1980-talet. Han var i 13 år medlem av kultheltane Arrogance frå Nord-Carolina. I 1983 fekk Dixon merksemd då han saman med Mitch Easter produserte R.E.M.-plata Murmur og den påfølgjande frå 1984, Reckoning", også denne med Mitch Easter.

Dixon er gift med songaren Marti Jones.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.