Sør-Carolina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
State of South Carolina
Delstatsflagg for Sør-Carolina Delstatsvåpen
Kallenamn: The Palmetto State
Sambandsstaten Sør-Carolina
Hovudstad Columbia
Største by Columbia
Guvernør Henry McMaster
Offisielle språk Engelsk
Storleik 82 965 km²
 - Areal, land 78 051 km²
 - Areal, vatn 4 915 km² (6%)
Folketal (2000) 4 012 012
Folketettleik 51,45 /km²
Sambandsstat sidan 23. mai 1788
Forkorting SC

Sør-Carolina (engelsk South Carolina) er ein delstat i USA. Han ligger søraust i landet og er ein av sørstatane. Sør-Carolina grenser mot Nord-Carolina i nord og Georgia i vest og sørvest. I aust og søraust ligg Atlanterhavet. Delstatshovudstaden i Sør-Carolina er Columbia.

Sør-Carolina har namn etter kong Karl I av England (Carolus på latin), som gav løyve til den engelske koloniseringa av området.

I 2003 hadde staten 4 147 152 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein rekner med at dei første menneska busette seg i området som no er Sør-Carolina for rundt 15 000 år sidan. Det er også mogleg at det var folk her tidlegare - Topper-funnstaden i Allendale County er blitt gjeven ein mogleg alder på 30 000 år.

Det var rundt 30 urfolkstammar i området då dei første europearane kom dit. Stammane hadde ulike språk og leveområde; dei viktigaste var catawbafolk (som snakka sioux-catawbanske språk), cherokeefolk (irokesarspråk) og yamaseefolk (muskogeanske språk).

Den første europearen som kom til området var den spanske Francisco Gordillo i 1521. Fem år seinare, i 1526, skipa Lucas Vázquez de Ayllón den første europeiske busetnaden i området, San Miguel de Gualdape, men dette blei gjeve opp etter tre månader. Seinare gjorde både Spania og Franrike krav på området, men også franske forsøk på kolonisering slo feil. England gjorde krav på Sør-Carolina tidleg på 1600-talet. I 1629 gav kong Karl I av England eit patent for dei sørlege koloniane (dagens Nord- og Sør-Carolina, Georgia og Tennessee) til Robert Heath. Den europeiske koloniseringa av området byrja i 1670 då kaptein Joseph West grunnla byen Charles Town. I 1729 blei provinsen Carolina delt inn i Nord- og Sør-Carolina.

Sør-Carolina blei den åttande staten til å ratifisera den amerikanske grunnlova, den 23. mai 1788. Delstaten blei den første av sørstatane til å stemma for å gå ut av unionen den 20. desember 1860. Etter den amerikanske borgarkrigen blei han teken inn att i USA den 25. juni 1868.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Delstatar i USA USA sitt flagg
Alabama | Alaska | Arizona | Arkansas | California | Colorado | Connecticut | Delaware | Florida | Georgia | Hawaii | Idaho | Illinois | Indiana | Iowa | Kansas | Kentucky | Louisiana | Maine | Maryland | Massachusetts | Michigan | Minnesota | Mississippi | Missouri | Montana | Nebraska | Nevada | New Hampshire | New Jersey | New Mexico | New York | Nord-Carolina | Nord-Dakota | Ohio | Oklahoma | Oregon | Pennsylvania | Rhode Island | Sør-Carolina | Sør-Dakota | Tennessee | Texas | Utah | Vermont | Vest-Virginia | Virginia | Washington | Wisconsin | Wyoming
Territorium som ligg direkte under føderaladministrasjon: Amerikansk Samoa | Guam | Nord-Marianane | Puerto Rico | Dei amerikanske Jomfruøyane | Washington, D.C.
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.