Muslim League

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Muslim League
Flag of Muslim League.svg
Oppretta og oppløyst30. desember 1906; 112 år sidan (1906-12-30)15. august 1947
PartileiarMuhammad Ali Jinnah
A. K. Fazlul Huq
Aga Khan III
Huseyn Shaheed Suhrawardy
Sir Feroz Khan Noon
Khwaja Nazimuddin
Liaquat Ali Khan
Khaliq-uz-Zaman
Mohammad Ali Bogra

All-India Muslim League, kjend som Muslim League, var eit politisk parti skipa i Britisk India ved byrjinga av 1900-talet. Det dreiv ein kampanje for muslimar i kolonien, parallelt med det hindudominerte Kongresspartiet sin kamp for sjølvstyre og etter kvart sjølvstende. Kampen enda med delinga av Britisk India og danninga av Pakistan i 1947.[1]

Etter danninga av dei to sjølvstendige landa fortsette partiet som eit mindre politisk parti i India, Indian Union Muslim League, som har vore del av fleire regjeringar. Partiet har gått gjennom fleire delingar. I Pakistan heldt det fram som Pakistan Muslim League eller berre Muslim League. I Bangladesh blei partiet gjenoppliva i 1976, men utan større støtte eller makt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Establishment of All India Muslim League». Story of Pakistan. juni 2003. s. 1. Henta 14. februar 2014.