Son My
| Son My | |||
| landsby | |||
Massegrav for 12 av offera for My Lai-massakren. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Son My 15°10′48″N 108°53′10″E / 15.18°N 108.886°E | |||
Sơn Mỹ er ein landsby i distriktet Son Tinh i provinsen Quang Ngai i Vietnam, nordaust for byen Quang Ngai.
Staden er best kjend for massakren ved My Lai, der mange av innbyggarane blei massakrerte av amerikanske soldatar den 16. mars 1968, under Vietnamkrigen.[1] Mỹ Lai var eigentleg namnet på ei av fire grender i Sơn Mỹ – Mỹ Lai, Co Luy, My Khe og Tư Cung.[2] Hendinga er kjend som Mỹ Lai Massacre i USA og som «Sơn Mỹ-massakren» i Vietnam.[3]
I 1978 blei det bygd eit minnesmerke på staden. Minnesmerket omfattar eit museum og eit stort monument til ære for dei hundretals sivile drepne av amerikanske styrkar. Minnesmerket omfattar restane av Sơn Mỹ.[4][5] Ei stor marmortavle like innanfor inngangen til museet lister opp namna på alle dei 504 sivile som blei drepne, inkludert «17 gravide kvinner og 210 barn under 13 år.»[6][7] Fleire forstørra versjonar av fotografia til militærfotografen Ronald L. Haeberle av massakren er synte fram inne i museet.[8] Museet ærar også amerikanske heltar, som Ronald Ridenhour, som fyrst gjorde massakren kjend, og Hugh Thompson og Lawrence Colburn, som greip inn for å redda fleire landsbybuarar.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «What Really Happened on 16 March 1968? What Lessons Have Been Learned? A Look At the My Lai Incident Fifty Years Later». The Army Historical Foundation. 4. mai 2018. Henta 9. september 2023.
- ↑ Department of the Army. Report of the Department of the Army Review of the Preliminary Investigations into the My Lai Incident, Volumes I–III (1970).
- ↑ "Commemorating victims of Son My massacre" VOV News, 13. mars 2012.
- ↑ Lendon, Brad (21. mars 2021). «My Lai: Ghosts in another Vietnam wall». cnn.com. CNN Travel. Henta 18. juni 2023.
- ↑ «When the Whole Village Died – My Lai Massacre». whattawowworld.com. What a Wow World. Henta 18. juni 2023.
- 1 2 Raviv, Shaun (Januar 2018). «The Ghosts of My Lai». smithsonianmag.com. Smithsonian Magazine. Henta 26. juni 2023.
- ↑ Tamashiro, R (2018). «Bearing Witness to the Inhuman at Mỹ Lai: Museum, Ritual, Pilgrimage». ASIANetwork Exchange: A Journal for Asian Studies in the Liberal Arts (ASIANetwork Exchange) 25: 60–79. doi:10.16995/ane.267. Henta 18 June 2023.
- ↑ «Photos of Son My massacre to be displayed again». sggp.org.vn. Saigon News. 11. mars 2023. Henta 18. juni 2023.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Sơn Mỹ Memorial» frå Wikipedia på engelsk, den 8. november 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Fredsparken i My Lai Arkivert 2009-02-08 ved Wayback Machine.
Denne geografiartikkelen som har med Vietnam å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
