Myklebust i Vartdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Husa på Myklebust ligg langs fylkesvegen

Myklebust i Vartdal er ein matrikkelgard i Ørsta kommune. Han ligg i Årsetdalen, om lag 5 kilometer frå Vartdalsfjorden.

Garden låg lenge folketom etter Svartedauen, truleg vart han ikkje busett før enn i fyrste halvpart av 1500-talet. I 1603 var det seks brukarar på Myklebust, seinare voks det og var stundom opp i åtte og ni. Myklebust var delt i to klyngjetun, kalla Ytregarden og Nergarden. Ytregarden låg nærare fjorden, medan Nergarden vart kalla så av di han låg meir ned mot Storelva. På kvar av garddelane var det minst tre bruk. Ei fyrste utskifting for innmarka på Myklebust vart halde i 1850-åra. Meir omfattande utskiftingar, som også gjaldt tuna, kom i stand i 1872-73 (for Ytregarden) og 1882-84 (for Nergarden).

Myklebust ligg under ei høg dalside, der det under gjevne tilhøve stekker ut mange snøskred. Særleg gjeld dette dei delane av garden som ligg fram mot grannegarden Kvia, lenger framme i Årsetdalen. Sommaren 1873 gjekk elles store jordskred på den nemnde strekninga. Ein heim vart skadd, og bygde opp att husa på den motsette, heimre delen av matrikkelgarden. Mot nordvest grensar Myklebust mot Årset.

Fv 5906 er tilkomst for Myklebust.

Folketal[endre | endre wikiteksten]

  • 1801: 39 - 6
  • 1865: 46 - 6
  • 1900: 70 - 9

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Buset, Johannes: Vartdalssoga. Første bandet. 1964
  • Grøvik, Ivar: Vartdalssoga. II. 1983
  • Folketeljingar for 1801, 1865 og 1900